AKTUELT / Pressemeldinger
(annonse)

Denne side publisert
6. april 2005

HOVEDSIDE
Om Teaternett
AKTUELT
Nyheter
Meldinger
I mediebildet
Pressemeldinger

Artikler

Arkiv
SØK



Uredigert pressemelding fra Noregs Ungdomslag

La jungeltelegrafen gå!                                                                                 

6.-12. juni pluggar vi inn Norsk Amatørteaterfestival 2005 på Det Norske Teatret!

Noregs Ungdomslag inviterer til 15 kurs i mellom anna regi, musikal, sminke, dyrekarakterar og dans. Under festivalen har 9 grupper framsyning i Prøvesalen på Det Norske Teatret, du kan nyte føremiddagen med Lunsj og Lyrikk i teaterbistroen, gå på festivalfest og seminar om teater og politikk.
Grip sjansen til ny kunnskap og gode teateropplevingar

Heile festivalprogrammet ligg på www.teaterfestival.no. Nedanfor finn du ein oversikt over alle kursa.

Det er kurs i tidsromet laurdag 11. juni kl. 09.00-16.00 og sundag 12. juni kl. 09.00-17.00.

A) Kurs i regi med utgangspunkt i tekst og musikal
Kurset gjev øvingar på korleis regissør og skodespelarar kan jobbe fram ein scene ut frå personlege føresetnader. Gjennom praktisk arbeid og drøfting gjev kurset innføring i teoriar og teaterfaget.
Instruktør: Sigve Bøe. Bøe er skodespelar, songar og instruktør og er tilsett ved DNT.
 

B) Forteljing
Kurset er sett saman av øvingar og leikar. Utgangspunktet er deltakarane sine eigne forteljingar - historier frå eige liv kor det kan lygast og stelast fritt. Kurset tek òg for seg eventyrforteljingar og andre historier.  Instruktør: Ragnhild Hilt. Hilt er skodespelar og forteljar og tilsett ved DNT.

C) ”I byrjinga var handlinga….
Ein workshop kor ein tar i bruk fysiske verkemiddel innanfor teatret.
Kombinasjonen av fysisk teater og tradisjonell tekstformidling gjev framsyningane eit rikt utgangspunkt for å fortelje ei historie.
Instruktør: Anna Dworak. Dworak er kunstnarleg leiar av teaterkompaniet Krement X, som jobbar med fysisk teater og bruk av video og film på scena. 

D) Utvikling av manus/framsyning – inspirert frå ein roman eller novelle

Kurset vil ta utgangspunkt i eit tekstutdrag frå ein roman eller novelle og vise korleis dette kan inspirere fram ei framsyning på teateret.
Instruktør: Paul-Ottar Haga. Haga er tilsett som skodespelar ved DNT.

E) Musikal
Korleis få fram ei god musikalrolle? Deltakarane tar med seg 3-4 solist- eller duettsongar frå musikalrepertoaret som er øvd inn på førehand. Kurset vil ta utgangspunkt i songane og utvikle presentasjons- og songteknikk.
Instruktør: Paul Åge Johannessen. Johannessen er songar og skodespelar ved DNT. 

F) Forteljing i slåtte- og folkemusikk
Spelefolket har ein lang tradisjon i å formidle levande historier med musikk og fargeleggje dei med forteljingar. Med utgangspunkt i eit utval slåttar og folketonar deltakarane har med seg, vil ein vidareutvikle forteljingane og sette musikk og ord saman til ei framsyning.
Instruktør med brei erfaring innan spel og forteljing.

G) Folkedans på scene
Kurset gjev ei innføring i korleis ein ved bruk av ulike formidlingsteknikkar kan lage ei heilskapleg framsyning av folkedans. Sentrale tema er overgonger, enkle skodespelarteknikkar samt dansaren sitt medvit om seg sjølv og publikum.Instruktør: Torunn Hernes Bjerkem.

H) Bunad – den fabelaktige historia
Vi skal skape den gode forteljinga, med bunad som utgangspunkt. Dette er kurset for trauste og mindre trauste bunadsinteresserte damer og menn som vil gjere forteljinga om bunaden sin til ei forrykande historie.
Instruktørar: Mette Vårdal, etnolog og forelesar på universitetsstudiet Drakt og samfunn. Mette får med seg ein instruktør frå ”humor-bransjen”.

 I) Skodespelarteknikk for gutar - Frå Romeo til James Bond
Kurset tek føre seg korleis du som skodespelar kan utvikle mannlege karaktertypar ved hjelp av ulike teknikkar.
Instruktør med brei erfaring som skodespelar.

J) Skodespelarteknikk for jenter - Frå Julie til Evita
Kurset tek føre seg ulike kvinnetypar og korleis du som skodespelar kan bygge opp dine eigne karakterar gjennom ulike dramatiske utrykk.
Instruktør med brei erfaring som skodespelar.

K) Kurs i dikt- og verslesing
Deltakarane tek med seg 2-3 dikt, vers eller kortare tekstar som er øvd inn på førehand. Kurset vil ta utgangspunkt i desse tekstane og utvikle ei framføring.
Instruktør med brei erfaring som forteljar.

L) Sminke

Kurset er for personar som ynskjer meir kunnskap om maskelegging, karaktersminke, scenesminke og dyremasker ved bruk av teatersminkeprodukt som vann-, cake- og feittsminke. Kurset tek òg føre seg sminkeeffektar, ved bruk av materiell som voks, lateks og blod.  

Instruktør: Torild Bratten. Bratten er tilsett som maskør på DNT.

M) Lys i teatret
Kurset gjev ei innføring i grunnleggande prinsipp for bruk av lys- og lydutstyr i teatret, med hovudvekt på lys. De vil få kunnskap om korleis ei scene kan lyssetjast og tips om korleis ein kan lage stemningar og skape handling med hjelp av lys. Under kurset vil de også få lære om sikkerheit og vedlikehald av teknisk utstyr i teatret.
Instruktør: Tryggve Øverås Ildahl. Ildahl er tilsett som lysdesigner på DNT

N) Dyrekarakterar – Frå Reveenka til Morten Skogmus

Dyr finst i teatret både som menneskeleggjorte karakterar og som inspirasjon for mennesketypar i teatret. Deltakarane vil få ei innføring i karakterbygging ved bruk av kroppsspråk, rørsle og konsentrasjon. Kurset passar for barn, unge og vaksne.
Instruktør: Ebrahim Aghazadeh. Aghazadeh er sceneinstruktør i Nordland.

O) Dans frå ulike kulturar

Mange kulturar har sine eigne danseutrykk. Dansen vert og nytta ulikt i ulike kulturar – som oppvisning, forteljing, samvær og som utrykk for kjærleik. Dette kurset vil gje deg innføring i ulike dansar frå fleire verdshjørne.

Kurspris: NU-medlemmar kr. 700,- andre kr. 800,-.

Påmelding:

Gå inn på www.teaterfestival.no for å finne påmeldingsskjema, eller ring NU-kontoret på tlf 22 47 70 00 for å få tilsendt brosjyre, eller send ein mail til ida@ungdomslag.no.

Vil du sikre deg plass? Send påmelding snarast og innan 11. april.

Teaternett formidler uredigerte pressemeldinger fra norsk og internasjonalt teater. Teaternett mottar ingen betaling eller andre former for motytelser for denne tjenesten. Vi forbeholder oss retten til uten forklaring å publisere, eller la være å publisere innkomne meldinger. Hjelp oss å være oppdatert! Ønsker ditt teater å formidle noe - send oss en pressemelding! Vår epostadresse:  teaternett@teaternett.no