AKTUELT / Pressemeldinger
(annonse)

Denne side publisert
22. januar 2008

HOVEDSIDE
Om Teaternett
AKTUELT
Nyheter
Meldinger
I mediebildet
Pressemeldinger

Artikler

Arkiv
SØK



Uredigert pressemelding
fra Sogn og Fjordane Teater

Sogn og Fjordane Teater satsar på familien i 2008

Teatersjef ved Sogn og Fjordane Teater (SoFt) Terje Lyngstad presenterte årets repertoar for pressa tysdag 22. januar. Teatersjefen satsar på born, ungdom og familien i 2008, og årets storsatsing er Oliver Twist av Charles Dickens.

- Sogn og Fjordane Teater er eit lite teater og maktar ikkje å tilby alt til alle publikumsgrupper i same året. I fjor var tilbodet vårt i hovudsak avgrensa til eit vakse publikum og i år satsar vi difor stort på born, ungdom og familien, seier teatersjef Terje Lyngstad.

Det er totalt sju produksjonar som står på repertoaret til SoFt i år, og det er eit variert program teateret kan presentere. 

To skilte menn av Maria Lundberg har urpremière i Førde fredag 15. februar. SoFt ønsker å ta eit blikk på mannen anno 2008 med dette stykket, som er basert på ein idè av skodespelarane sjølve. Vi får møte Fredrik Steen (mannan bak Hildegunn Moltubakk) og Roger Hilleren som skilte menn. I dette stykket er det duka for både latter og alvor. Gjennom venskap og naboskap ufordrar dei det tradisjonelle kjønnsrollemønsteret og avslører sine høgst private meiningar om kvinner, sex, samliv og skilsmisse. Mykje av innhaldet i To skilte menn er basert på skodespelarane sine eigne erfaringar og opplevingar som nettopp to skilte menn. Regien er ved Torfinn Nag og Scenografien ved Jennie Hagevik Bringaker. Stykket skal på full turnè og spele på totalt 21 stader i fylket.

Magiske historier av Renata Allen har première i Førde 11. april. I denne forestillinga fortel SoFt to eventyr frå ulike verdsdelar, Jack og bønnestengelen frå Europa og Den snille klovnen og den slemme klovnen frå Nord-Amerika. Magiske historier er eit stykke for dei minste borna. Stykket vart spelt i barnehagane i 2006 og i år blir det opne framsyningar i deler av Sogn og Fjordane. Regien er ved Bodil Kvamme. I rollene finn vi Elise Eide, Jorunn Sofie Lullau og Berte Taraldsen

Rekneprinsen av Erna Osland hadde urpremière under Førde Internasjonale Folkemusikkfestival i fjor. I år skal stykket spelast for born i 5.-7. klasse i Den kulturelle skulesekken. Publikum får møte Eilif som bur åleine saman med mora. Saknet etter ein farsfigur er tema i stykket om Rekneprinsen. Regien er ved Arild Støfring. I rollene møter vi Sigrid Moldestad, Ingeleiv Berstad og Hallgrim Hansegård. Musikar er Vidar Underseth.

Årets Kinnaspel har première på Kinn 21. juni. Regissør Trond Birkedal er inne i sitt andre år som instruktør. Han påpeika under pressefrukosten i dag at det er viktig å ta vare på tradisjonane med Kinnaspelet, samstundes som han vil sette sitt eige preg på stykket. Kinnaspelet blir produsert i tett samarbeid mellom SoFt og Kinn Sokneråd, der SoFt har det kunstneriske ansvaret.

Storsatsinga ved SoFt i 2008 er familieframsyninga Oliver Twist av Charles Dickens. Stykket er dramatisert av Camilla Hübbe og Bodil Kvamme og har première i Førde 19. september. Oliver Twist er den største satsinga til Sogn og Fjordane Teater nokonsinne med omsyn til budsjett og storleik på turné. Med nykomponert musikk og spektakulære sceneskift håper teatret å gi publikum ei uforgløymeleg oppleving. Stykket er ein klassikar av dei sjeldne og vann publikumsavstemminga i konkurranse med Jungelboka om kva oppsetjing som skulle bli den store familieframsyninga ved SoFt hausten 2008. Den rørande histora om fattiguten som kjempar for å overleve i 1800 – talets London er blitt vist på film, TV og scener uttalige gonger. Musikken er ved Per Janke Jørgensen og regien ved Trond Birkedal. Scenografien er det Leiko Fuseya som står for, medan Torkil Skjærven har ansvar for lysdesign. I rollen finn vi Heine Bugge, Tor Ivar Hagen, Roger Hilleren, Henrik Høie, Per Arne Løset, Sara Norlin, Karl Sundby, Marius Thomassen, Gro Ann Uthaug, m.fl.

I mangfaldsåret 2008 har SoFt tett samarbeid med Hordaland Teater og Den Nationale Scene om to produksjonar som begge tek opp samfunnspolitiske tema, mellom anna toleranse og framandfrykt. Begge stykka, Kulde av Lars Norèn og Simons historie av Stig Amdam, har première på Den Nationale Scene i november. Stykka skal spelast for ungdom i den vidargåande skulen i Hordaland og Sogn og Fjordane. Både teatersjef ved Hordaland Teater, Arvid Ones og Terje Lyngstad ved SoFt sa under pressefrukosten at eit samarbeid ikkje berre er viktig for samarbeidet si skuld, men at teatra gjennom eit slikt samarbeid får utnytte ressursane på ein betre måte, både kunsterisk og økonomisk. I tillegg påpeika dei at dei gjennom eit slikt samarbeid når eit større publikum i begge fylka.

For meir informasjon, ta kontakt med sals – og informasjonssjef Leila Øvreseth på telefon 57 72 18 53 / 41 69 58 13 eller infosjef@softeater.no / www.softeater.no

Teaternett formidler uredigerte pressemeldinger fra norsk og internasjonalt teater. Teaternett mottar ingen betaling eller andre former for motytelser for denne tjenesten. Vi forbeholder oss retten til uten forklaring å publisere, eller la være å publisere innkomne meldinger. Hjelp oss å være oppdatert! Ønsker ditt teater å formidle noe - send oss en pressemelding! Vår epostadresse:  teaternett@teaternett.no

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Testlink