AKTUELT / Pressemeldinger
(annonse)

Denne side publisert
11. juni 2009

HOVEDSIDE
Om Teaternett
AKTUELT
Nyheter
Meldinger
I mediebildet
Pressemeldinger

Artikler

Arkiv
SØK

Uredigert pressemelding
Fra Isfolket AS


Isfolket på Fagernes

Sol av Isfolket er eit friluftsteater på Valdres Folkemuseum, Fagernes. Teateret er basert på dei tre første bøkene i serien Sagaen om Isfolket av Margit Sandemo. Regi ved Leif Stinnerbom. Sol av Isfolket hadde urpremiere i 2008, og hausta strålande kritikkar i rikspressen. Teateret skal bli årleg ved Valdres Folkemuseum og tek sikte av seg å bli det fremste friluftsteateret i Norge.

Gamle og nye Hanna av Isfolket i fri dans

For få dagar sidan møttest dei to profesjonelle dansarane i Oslo for å utveksle dans og rørsler i høve friluftsteateret Sol av Isfolket.

Silje Onstad Hålien spelte i fjor den gamle heksa Hanna, og fekk strålande kritikkar for tolkinga si. Spenstig dans, godt skodespel og akrobatiske øvingar høyrer til rolla, som viste seg å bli ein av dei verkeleg berande karakterane i teateret.

Silje har ikkje høve til å delta i årets framsyning av Sol av Isfolket, men etter ein hard audition er arvtakaren funne.

Kristine Mari Hansen frå Narvik gler seg til å gå inn i rollen og gjera den til sin. I helga møttest dei to unge dansarane og utveksla dansesteg. Kristine Mari skal no lære seg å trø i springartakt og ta luftige hopp i hallingtakt. Sol av Isfolket har sterke element av folkemusikk og folkedans i seg, i likheit med dei fleste produksjonar av regissør Leif Stinnerbom.

Silje er ein god læremeister her. Ved sida av klassisk ballett og moderne dans, er Silje durkdreven folkedansar. Ho er også med i dansekompaniet Frikar under leiing av Hallgrim Hansegård.

Kristine Mari Hansen tek utfordringa på strak arm og gler seg til å kombinere dei ulike danseteknikkane. Ho trur også at ho, med sitt nordnorske temperament, har noko å tilføre den gamle heksa.

Frå 17. juli startar øvingane i Valdres for alle profesjonelle utøvarar og alle amatørar. Dei profesjonelle skodespelarane er i år Heidi Ruud Ellingsen, Paul-Ottar Haga, Evy Kasseth Røsten, Rune Temte og Kyrre Hellum. Fem profesjonelle musikarar står også på scenen i lag med 35 amatørar, og altså, Kristine Mari Hansen.

Sol av Isfolket har premiere laurdag 1. august og skal spelast fram til 10. august.

For meir informasjon, ta kontakt med produsent på tlf 900 40 247 eller

Kristine Mari Hansen, tlf: 481 93 616 

Venleg helsing

Alice Gudheim

Produsent Sol av Isfolket
Isfolket AS, Tyinvn.27, 2900 Fagernes
Epost: post@isfolket.no
Mob: 900 40 247
www.isfolket.no


Teaternett formidler uredigerte pressemeldinger fra norsk og internasjonalt teater. Teaternett mottar ingen betaling eller andre former for motytelser for denne tjenesten. Vi forbeholder oss retten til uten forklaring å publisere, eller la være å publisere innkomne meldinger. Hjelp oss å være oppdatert! Ønsker ditt teater å formidle noe - send oss en pressemelding!
Vår epostadresse: 
teaternett@teaternett.no