AKTUELT / Pressemeldinger
(annonse)

Denne side publisert
18. februar 2011

HOVEDSIDE
Om Teaternett
AKTUELT
Nyheter
Meldinger
I mediebildet
Pressemeldinger

Artikler

Kultur og samfunn
Ferie og fritid
Arkiv
SØK


Uredigert pressemelding
Sogn og Fjordane Teater


 

Brenningmysteriet - to levande og to døde
av Otto Homlung
basert på Egil Ulateig si bok "To levande og to døde"

Teatret skal etter jul setje opp eit drama om krig og kjærleik basert på soga om firebarnsmora som rømde med ein av fienden sine soldatar i 1943. Dei rømde via Askvoll, Naustdal, Hyen, Lotsberg og Stryn vidare austover til Gudbrandsdalen og Sverige. Der levde dei utan å gi livsteikn frå seg i mange år etterpå. To karar frå Brendsdal i Hyllestad skyssa dei eitt stykke på vegen med båten sin. Desse to karane vart aldri funne att, og det rømde paret legg eit slør over historia. Båten ”Brennning” vart funnen i Gjøringebøvika i Førdefjorden på 70-talet, saman med patroner og tomhylser. Mange trur at karane vart tekne av dage av den væpna soldaten.

No skal Otto Homlung setje opp stykket på Sogn og Fjordane Teater. Han uttalar seg slik om stykket:

”Staden er Ytre Sogn. Ein fiskarbåt forlet Fure i Askvoll kl. 12 onsdag 24. februar 1943. Mannskapet om bord var to brør: Arthur og Hjalmar Brendsdal saman med ein østerriksk desertør og ei kvinne som forlet mann og fire barn. Båten forsvann og vart funne mange år seinare. Brørne vart aldri funne. Mannen og kvinna vart funne i Sverige mange år seinare . Der hadde dei stifta familie og vart forhøyrd av politi og intervjua av den norske journalisten Egil Ulateig. Dette mysteriet har vi laga teater av. Teoriane om kva som hadde skjedd har vore på folkemunne i alle år sidan. Kva er løgn, kva er fortrengd og kva er gløymt? I ein spennande forhøyrsprosess der kvar stein om hendinga er snudd og livet til dei gamle passerar revy, prøver vi å løyse ei gåte, eit puslespill der mange brikker ikkje passar inn, men om ikkje alt er slik det verkeleg hende, prøver vi i dette stykket å komme nærmare ei sanning som vi ikkje veit om nokon gong kjem for ein dag.

Samstundes er det ei skildring av ei kjærleikshistorie med så sterke kjensler som bare ein krig kan gi årsak til. Kampen for kjærleiken, kampen for å overleva, og vissheita om at i krig og kjærleik er alt tillete, vert skildra og framstilt i eit fortetta menneskelig drama som gjer sterkt inntrykk. Er det mogeleg med tilgjeving for svik mot barn og fedreland i ein kamp for den store og livsvarige kjærleiken? Er det mogeleg å gå i grava med ei sanning som kanskje aldri kjem for ein dag? Slike spørsmål vil alltid vera aktuelle der krig og kjærleik fins. Derfor er dette ei historie om ei verkeleg hending frå regionen vår som kanskje aldri vil bli gløymd, uansett kva som er sanning og kva som er løgn. Tilgjeving kan vi kanskje gi, men vi kan aldri slutte å undra oss over kva som verkeleg hende… ”

Regi: Otto Homlung
Scenografi og kostymedesign: Milja Salovaara
Lysdesign: Eivind Myren
Medverkande: Bente Børsum, Tore B Granås, Roger Hilleren, Hallbjørn Rønning, Yngve Seterås, Irene Waage

Premiere i Førde torsdag 24. februar 2011 kl 1900 - på dagen 68 år etter at Brenning la ut frå Fure. Stykket er på turné i Sogn og Fjordane og Bergen i mars.

Teaternett formidler uredigerte pressemeldinger fra norsk og internasjonalt teater. Teaternett mottar ingen betaling eller andre former for motytelser for denne tjenesten. Vi forbeholder oss retten til uten forklaring å publisere, eller la være å publisere innkomne meldinger. Hjelp oss å være oppdatert! Ønsker ditt teater å formidle noe - send oss en pressemelding!
Vår epostadresse:  teaternett@teaternett.no