AKTUELT / Pressemeldinger
(annonse)

Denne side publisert
11. februar 2013

HOVEDSIDE
Om Teaternett
AKTUELT
Nyheter
Meldinger
I mediebildet
Pressemeldinger

Artikler

Kultur og samfunn
Ferie og fritid
Arkiv
SØK


Uredigert pressemelding
Fra Det Norske Teatret

EG
Ik, ich, I.

Om å vere ung i dagens Europa
Du er ung, har suksess, du er flott å sjå på og intelligent. Du er ein jeger, dei du kastar ditt blikk på fell som fluger. Du reiser verda rundt, går på dei ‘hottaste’ festane, hundrevis følgjer deg på Twitter og du har aldri hatt ein dårleg dag. Ingen har noko med at du somtid er drita lei av å jakte. At du aldri har sett Dexter på TV.
At du av og til grin deg i søvn.

Med utgangspunkt i den gamle, greske myten om Narcissus og Echo, han som vart forelska i sitt eige spegelbilde og ho som vart dømd til berre å kunne herme, har den nederlandske dramatikaren Oscar van Woensel skrive eit stykke som rett og slett heiter Eg. Ungdommar frå Oslo og Amsterdam har undervegs i prosessen kome med innspel og synspunkt på korleis det er å vere ung i dag.

Regissør Jonas Corell Petersen
Den lovande instruktøren Jonas Corell Petersen har regien. Han gjekk ut frå Kunsthøgskolen I Oslo I 2010, hadde stor suksess med oppsetjinga av Unge Werthers lidingar her på teatret og står framfor eit internasjonalt gjennombrot med fleire oppdrag rundt om i Europa. Han er blitt kjend for ein sterk signatur i arbeidet sitt og blir omtalt som ein «rising star». «Gjensynet bekrefter at «Unge Werther»-regissør Jonas Corell Petersen har et sjeldent gehør, både i forhold til komposisjon, og til å skrelle ned til det punktet hvor teater og liv smelter sammen» meinte Aftenpostens kritikar om framsyninga ZOO, som gjekk på teatret i fjor haust.

Europeisk samarbeid
Samproduksjonener ein del av del av det store teaterprosjektet Young Europe, eit initiativ frå teaternettverket European Theatre Convention (ETC). Prosjektet er støtta av midlar frå EU-kommisjonen. I tillegg til Nederland og Noreg, deltar teater frå Kypros, Tyskland, Finnland, Frankrike og Ungarn i prosjektet.

Eg blir spelt av to nederlandske og ein norsk skodespelar både i Nederland og Noreg på både nederlandsk og norsk, med litt engelsk drahjelp.

Ein samproduksjon mellom Toneelmakerij, Amsterdam & Det Norske Teatret

Teaternett formidler uredigerte pressemeldinger fra norsk og internasjonalt teater. Teaternett mottar ingen betaling eller andre former for motytelser for denne tjenesten. Vi forbeholder oss retten til uten forklaring å publisere, eller la være å publisere innkomne meldinger. Hjelp oss å være oppdatert! Ønsker ditt teater å formidle noe - send oss en pressemelding!
Vår epostadresse:  teaternett@teaternett.no