AKTUELT / Pressemeldinger
(annonse)

Denne side publisert
21. mars 2013

HOVEDSIDE
Om Teaternett
AKTUELT
Nyheter
Meldinger
I mediebildet
Pressemeldinger

Artikler

Kultur og samfunn
Ferie og fritid
Arkiv
SØK


Uredigert pressemelding
Fra Aasen-tunet

Lurivar og påskemysteriet

Lurivar må løyse eit mysterium i Aasen-tunet i påska.
Måndag, tysdag og onsdag i påska inviterer Lurivar små og store born til Aasen-tunet for å vere med på å løyse eit stort mysterium som har kome i vegen for Lurivar sine late kattepåskedagar.

Den utspekulerte og lure påskeharen har vore på besøk i tunet og lagt igjen ei mystisk melding til Lurivar. Der står det at påskeharen har gøymt påskeegg rundt om kring i Aasen-tunet og han vil at Lurivar skal finne desse egga. Inni egga ligg det noko han veit Lurivar likar svært godt.

Lurivar er rett nok ein katt med både godt utvikla syn og luktesans, men han treng hjelp til å finne egga og løyse mysteriet saman med ivrige born. Heldigvis har Lurivar gode hjelparar som kan vere med på å finne ut kven denne mykje omtala påskeharen eigentleg er. Kanskje finn dei svaret på kvifor haren har lagt igjen påskeegg til Lurivar?

I fjor var første gongen Aasen-tunet inviterte til påskeframsyningar med Lurivar. - I år gjentek vi suksessen med ei heilt ny og aktiviserande framsyning med både eggjakt og skodespel. Etter framsyninga vil borna få høve til å halde på med formgivingsaktivitetar, seier formidlar Marita Bett Jensen. I kafeen blir det også høve til å kjøpe Lurivars lure vaflar.

Maria Halseth frå Ørsta spelar Lurivar, og Silje Silden frå Måløy spelar Lurivar sin medhjelpar desse påskedagane.

Måndag 25., tysdag 26. og onsdag 27. mars kl. 13.00

Lurivar og påskemysteriet

Kr 50 / familie 150

Høver for born frå 4 år og oppover .

Teaternett formidler uredigerte pressemeldinger fra norsk og internasjonalt teater. Teaternett mottar ingen betaling eller andre former for motytelser for denne tjenesten. Vi forbeholder oss retten til uten forklaring å publisere, eller la være å publisere innkomne meldinger. Hjelp oss å være oppdatert! Ønsker ditt teater å formidle noe - send oss en pressemelding!
Vår epostadresse:  teaternett@teaternett.no