AKTUELT / Pressemeldinger
(annonse)

Denne side publisert
2. mai 2013

HOVEDSIDE
Om Teaternett
AKTUELT
Nyheter
Meldinger
I mediebildet
Pressemeldinger

Artikler

Kultur og samfunn
Ferie og fritid
Arkiv
SØK


Uredigert pressemelding
Fra Trøndelag Teater

Herborg Kråkevik besøker Trøndelag Teater med framsyninga Kjære landsmenn! – Ein kabaret mellom bakkar og Himmelbjerg. Kabareten framføres på Gamle Scene frå 2. – 4. mai.

Kjære Landsmenn! er ei kjærleikshistorie til fedrelandet skrive og framført av Herborg Kråkevik. Ho har no samla mot til å stå fram som ein dansk ”kikkar” på det norske. For det er oss det skal handla om, både verbalt og musikalsk. Norge sett utanfrå, Norge i hjarta, Norge til å spy av og Norge til å le av. Framsyninga er ei blanding av kabaret og teatermonolog der brevskrivaren bryt ut i song, parodiering, trylling, resitasjon og dans når det trengs.

Herborg har reist gjennom dette eineståande landet vårt i snart 20 år som artist, reist og sett, vorte lei av det og lengta seg sjuk etter det. No får alle desse motstridande kjenslene fritt spelerom i ukontrollerte utfall og såre, inderlege songar. Bjerkestrand syter for at songbok-syngjande Kråkevik får elektronisk motstand og saman har dei leita seg fram til dei nye-norske lydane; oljefat, båtmotorar, turbinar og heldigvis framleis fossedur…

Her er det lov å le av norske dialektar, norske særingar og av Herborg, eller falla i stavar over norske klassiskarar slik du aldri har høyrt dei før. Viss under-tittelen Mellom bakkar og Himmelbjerg verkar pirrande, kan dette vere kvelden for deg.

Kjære landsmenn! er en samproduksjon mellom Herborg Kråkevik og Det Norske Teatret, og hadde urpremiere 19. november 2011.

Framsyninga varar i 1 time 20 minuttar utan pause.

Regi: Erik Ulfsby

Musikarar: Kjetil Bjerkestrand og Bernt Rune Stray

For intervju kontakt:

Astrid Irene Diesen
E-post: astrid@diesen.com
Mobil: 93 26 26 50

Meldarar bør bestille billetar så snart som mogleg til: sissel@trondelag-teatre.no

For meir informasjon: http://herborgkrakevik.no/ og http://www.trondelag-teater.no/forestillinger/2013/kjarelandsmenn/

Med vennlig hilsen

Sissel Grønlie
informasjonsrådgiver
Trøndelag Teater
Telefon 73 80 51 31
Mobil 41 47 37 57
www.trondelag-teater.no.

Teaternett formidler uredigerte pressemeldinger fra norsk og internasjonalt teater. Teaternett mottar ingen betaling eller andre former for motytelser for denne tjenesten. Vi forbeholder oss retten til uten forklaring å publisere, eller la være å publisere innkomne meldinger. Hjelp oss å være oppdatert! Ønsker ditt teater å formidle noe - send oss en pressemelding!
Vår epostadresse:  teaternett@teaternett.no