AKTUELT / Pressemeldinger
(annonse)

Denne side publisert
30. september 2013

HOVEDSIDE
Om Teaternett
AKTUELT
Nyheter
Meldinger
I mediebildet
Pressemeldinger

Artikler

Kultur og samfunn
Ferie og fritid
Arkiv
SØK


Uredigert pressemelding
Fra Riksteatret

Mens vi ventar på Godot

Når Riksteatret og Det Norske Teatret samarbeider om Samuel Beckett sitt meisterstykke, stig Bjørn Sundquist ned frå rolla som Gud i Bibelen og tek plass i registolen. Mens vi ventar på resultatet, er det berre å gle seg!

Ein landeveg. Eit tre. To underlege typar, Estragon og Vladimir, ventar. Dei ventar på Godot. Dei har inga klår meining om kven han er eller kvifor dei ventar på han.

Fyrste gongen eg såg stykket som ung student, trudde eg at eg skulle le meg i hel, seier regissør Bjørn Sundquist. Likevel dreiv eg omkring i gatene i Oslo heile natta. Det var uråd å få stykket ut av kroppen.

Mens vi ventar på Godot er ein av verdsdramatikkens mest kjente titlar, og har vorte ei standardformulering for langt fleire enn dei som har sett skodespelet. Skriv «waiting for» på Google eller YouTube, og sjå kva som skjer. Stykket hadde urpremiere i Paris 1953, og etter det har «Godot» vorte ein klassikar som vert framført over heile verda. Då stykket vart spela for 1400 innsette i San Quentin-fengselet i California, kjente fangane seg igjen med det same, og oppsetjinga vart ein kjempesuksess.

I Riksteatret og Det Norske Teatret sin versjon, har skodespelarbrørne Jan og Stein Grønli hovudrollene, og tredje bror Pål er inspisient. I mange år har dei ønska å reise på turné med Godot og ha Bjørn Sundquist som regissør. Med seg på scena har dei òg Duc Mai-The, Sigmund Sæverud og Robert Skjærstad. Vi kan mest ikkje vente!

Ein time før framsyninga tek til inviterer vi til ein intro til Mens vi ventar på Godot med to av skodespelarane. På utvalde stader med Riksteatrets dramaturg Tine Thomassen.

Teaternett formidler uredigerte pressemeldinger fra norsk og internasjonalt teater. Teaternett mottar ingen betaling eller andre former for motytelser for denne tjenesten. Vi forbeholder oss retten til uten forklaring å publisere, eller la være å publisere innkomne meldinger. Hjelp oss å være oppdatert! Ønsker ditt teater å formidle noe - send oss en pressemelding!
Vår epostadresse:  teaternett@teaternett.no