AKTUELT / Pressemeldinger
(annonse)

Denne side publisert
9. januar 2014

HOVEDSIDE
Om Teaternett
AKTUELT
Nyheter
Meldinger
I mediebildet
Pressemeldinger

Artikler

Kultur og samfunn
Ferie og fritid
Arkiv
SØK


Uredigert pressemelding
Fra Trøndelag Teater

Heddaprisen for årets beste teaterframsyning 2012!

For femte sesongen på rad står Svein Tindberg åleine på scenen i framsyninga der han gjer over tusen år gamle tekstar meir levande og aktuelle enn nokon gong. Alle tre religionane; jødedomen, kristendomen, og islam, gjer krav på Abraham som stamfaren sin, men er det ikkje eigentleg den same historia fortald på tre ulike måtar?

Gjennom historie, historier og heilag tekst fortel Svein Tindberg og regissør Kjetil Bang-Hansen om tre religionar; om likskap og ulikskap. Åleine på scenen har Tindberg trekt fulle hus på Hovudscenen i to sesongar, og det er sett opp ekstraframsyningar i 2013 etter turnéen med Riksteatret.

Tre religionar – ei bok
I dagens Europa, liksom i Midtausten, lever jødar, kristne og muslimar tett innpå kvarandre. Det muslimske nærveret i Vest-Europa er av relativ ny dato. Men både jødedom og islam har frå gammalt vore ein integrert del av det elles kristne Europa. I Spania, på Balkan og i delar av Aust-Europa har islam til tider vore den dominerande makta, og jødane og dei kristne har levd som minoritetar. I nyare tid har situasjonen for det meste vore omvend. I dag lever eit aukande tal muslimar som minoritet i eit Europa som er grunnleggjande prega av kristen kulturarv, og der fleirtalet reknar seg som kristne.

Konfliktfylt
Sameksistensen mellom Abrahams barn har vore konfliktfylt. Men historia om jødar, kristne og muslimar i Europa er langt meir enn konflikt. Det er også historia om ein fruktbar kulturell, intellektuell og åndeleg vekselverknad, der dei tre religionane har blitt rikare ved å leve tett innpå kvarandre.

Svein om arbeidet
- Å fortelje om grunnsteinane i den menneskelige kulturen på scenen kan verke uoverkommeleg, seier Svein Tindberg om sitt arbeid med desse tekstane. – Men på den andre sida er det ikkje så komplisert som vi vil ha det til. Dette er gode historier! Mi oppgåve er å fortelje ei god histore, med glimt i auget. Eg håpar publikum går ut med eit smil om munnen, men òg med noko meir kunnskap. Vi må vite litt om kvarandre om vi skal kunne bu saman. Må vi ikkje?

Teaternett formidler uredigerte pressemeldinger fra norsk og internasjonalt teater. Teaternett mottar ingen betaling eller andre former for motytelser for denne tjenesten. Vi forbeholder oss retten til uten forklaring å publisere, eller la være å publisere innkomne meldinger. Hjelp oss å være oppdatert! Ønsker ditt teater å formidle noe - send oss en pressemelding!
Vår epostadresse:  teaternett@teaternett.no