|
|
|
|
Levande
DVERGAR
Av Håkon Bø og Jørn Kippersund
Snehvit og de syv dvergene
Riksteatret,
Ørsta 11.mars
Regi: Stein Grønli
Scenografi/ dukke- og kostymedesign: Lisbeth Narud
Musikk: Jørun Bøgeberg
Med: Paal Viken Bakke, Hanne Dahle, Jørn Morstad, Mathias Eckhoff, Stein
Kiran og Bjørn Moan
Eit
Disney-vant publikum tok svært godt i mot Riksteatrets "Snehvit og
de syv dvergene" i Ørsta. For dokkene levde og historia fengde.
Spenninga var der til siste slutt.
(Foto: Riksteatret)
Dokketeater
framsyninga byggjer på brødrene Grimm sitt kjende eventyr. Snøkvit vert
kasta ut av slottet fordi den magiske spegelen seier at ho er vakrare enn
stemora si, dvs. dronninga. Ho vert sendt ut i skogen for å verte teken
av dage, men ein godhjarta bøddel og ein flokk gjest-frie dvergar sørgjer
for at ho overlever.
Dermed held kampen om den nasjonale "Misse-tittelen" fram med
den magiske spegelen som domar. Dronninga er villig til å nytte alle
slags triks for å verte vakrast i landet. Det heile kulminerer med at
prinsessa vert forgifta og går inn i den djupaste søvn. Prinsen vekkjar
henne med eit kjærleikskyss, og dronninga vert då så sint at ho
eksploderer.
Innfrir
forventningane
Dei aller fleste som har sett eller høyrt dette eventyret har visse
forventningar til rollegalleriet. Dronninga skal vere vond, prinsessa skal
vere søt og dvergane skal kvar på sine måtar fram-heve sine spesielle særtrekk.
Det er såleis ei stor utfordring regissør Stein Grønli har teke fatt på
når han skal prøve å gjenskape dette spanande eventyret i ei for mange
ukjent uttrykks-form. Hovudinn-tryk-ket er at han har greidd dette med
glans.
Pompel og
Pilt?
Det som kanskje har lukkast dårlegast er utforming av dei kvinnelege
dokkene. I opningssekvensen er det faktisk slik at det ei kort stund kan
vere tvil om vi møter den vonde dronninga eller den søte prinsessa.
Prinsessa er av utsjånad bleik, sliten og mindre pen, og assosiasjonane
til Pompel og Pilt er nærliggjande. Men dokketeater handlar om lyd og rørsle.
Og med dei 6 (!) dokkespelarane sin strålande innsats - både motorisk og
verbalt - gløymer vi fort utsjånaden på dokka.
Dvergane
stal showet
Dvergane står fram som dei store stjernene i framsyninga. Her klaffar både
design og rolleutforming. Få sekund etter at desse trer inn i forteljinga
er det lett å drage kjensel på andlet, røyster og andre personlege
trekk hjå dei fleste av dei. Spesielt er det lett å kjenne att Snufs,
Gjesp, Professoren og Sinten. Mest imponerande i heile framsyninga er
samspelet og koordinasjonen mellom dei sju, og kor levande dvergane verkar
i denne settingen. Nokre scener sit sterkare i enn andre. Den eine er
dansescena som endar opp med at dei lagar trommer av grytelokk på hovuda
til dvergane, og let Sinten spele slagverk. Ei av dei andre ugløymelege
scenene er der Snøkvit kyssar dvergane før dei skal på arbeid. Då er
det nesten som ein kan ane at Sinten rødmar.
Stor scenografi
Scenografien i denne oppsettinga er stor. Det er ikkje berre kvar enkelt
sceneoppsett som er prega av smarte løysingar, men med den roterande
scena fungerer også overgangane mellom scenene svært elegant og
profesjonelt. Det totale lydbiletet er også svært bra, med god musikk,
fin song og vel tilpassa lydeffektar. Spesielt imponerande er effektane når
dronninga, godt hjelpt av sin livfulle assistent, Kosepusesnuskelusken,
produserer sine dødbringande hjelpemiddel. Gjennom bruken av denne hunden
(eller var det rotte?) og dei Disney-inspirerte fuglande, klarer Grønli
også å få utnytta dokketeatret sine føremuner framfor vanleg teater.
Riksteatret er enno ikkje halvvegs på turnéen sin. Om de har høve - få
med dykk denne flotte forestillinga!
Av Håkon Bø og Jørn Kippersund
FORESTILLINGSKRITIKKER |
|
|