FAGLITTERATUR / Teaterleksikon / B

(annonse)

Denne side endret
6. januar 2014

HOVEDSIDE
Om Teaternett
FAGLITTERATUR
Teaterleksikon
Bibliotek
SØK



Teaterleksikon

<< Tilbake 

  Fram >>

B

Bean, Sean

Del artikkelen |

Shaun Mark "Sean" Bean. Fødd 17. april 1959 i Handsworthdistriktet i Sheffield, Sør-Yorkshire, England. Skodespelar i teater, film og stemmeleggjing.

Sean Bean.
Mars 2009.
Foto: Punch Malloy.
WikiCommons
SeanBeanMar09-WikiCommons-Crp.jpg (11923 bytes)

Bean ynskte først å verte profesjonell fotballspelar, men ein skade sette ein stoppar for denne draumen. Han kom inn på the Royal Academy of Dramatic Art i London i 1981, og vart uteksaminert derifrå i 1983.

Han debuterte som profesjonell skodespelar i rolla som Tybalt i Romeo og Julie ved the Watermill Theatre i Newbury. Dei første oppdraga hans veksla mellom scene og film. Mellom 1986 og 1988 var han medlem av the Royal Shakespeare Company og deltok i produksjonar som Romeo og Julie, The Fair Maid of the West og Ein midtsommarnattsdraum.

Bean har medverka i eit stort tal filmar, og er best kjent for eit norsk publikum som Boromir i Peter Jackson sin filmtrilogi Ringdrotten (2001-2003), som Odeyssevs i Wolfgang Petersen sin film Troja (2004) og som Eddard Stark i TV-serien Game of Thrones (2011-2014).

<< Tilbake 

  Fram >>

 

A  B  C  D  E  F  G  H  I   J  K  L  M  N  O  P  Q  R  S  T  U  V  W  X  Y  Z  Æ  Ø  Å  



Teaternett arbeider med å bygge opp en database over teaterfaglig stoff, begreper og navn under overskriften teaterleksikon. Send oss også gjerne tips! Vår adresse er: teaternett@teaternett.no