FAGLITTERATUR / Teaterleksikon / B

(annonse)

Denne side endret
8. mars 2014

HOVEDSIDE
Om Teaternett
FAGLITTERATUR
Teaterleksikon
Bibliotek
SØK



Teaterleksikon

<< Tilbake 

  Fram >>

B

Blanchett, Cate

Del artikkelen |

Catherine Élise "Cate" Blanchett. Fødd 14. mai 1969 i drabantbyen Ivanhoe i Melbourne, Australia. Skodespelar i teater, film og røysteleggjing. Cate gjekk på skule på Ivanhoe East Primary School, deretter på Ivanhoe Girls' Grammar School og på Methodist Ladies' College. Det var her ho oppdaga interessa for å spele teater. Blanchett studere vidare økonomi og kunstfag ved University of Melbourne før ho forlet Australia og byrja å reise rundt i verda.

Cate Blanchett.
Juni 2011.
Foto: Paul Cush.
WikiCommons
KateBlanchetWikiCommons-Crp.jpg (922437 bytes)

Blanchett hadde si første store scenerolle som Carol mot Geoffrey Rush i skodespelet Oleanna av David Mamet (1992). Ho spelte også Ophelia i ein produksjon av Hamlet i 1994-1995 i regi av Neil Armfield, med Geoffrey Rush i tittelrolla. Før 1992 var ho med og spelte i  The Odyssey of Runyon Jones ved Methodist Ladies' College i Melbourne. På denne tida regisserte ho på same stad også medstudentane sine i They Shoot Horses, Don't They? I 1992 hadde ho tittelrolla i Electra i ei oppsetjing ved National Institute of Dramatic Art, Sydney.

På denne tida fekk Blanchett for alvor fart i scenekarriera si. I sesongen 1992/1993 spelte ho Patient Griselda, Nell og Jeanine i ei oppsetjing av Top Girls i si første rolle ved Sydney Theatre Company. Same år spelte ho Bride/Felice i Kafka Dances ved Griffin Theatre Company, ei framsyning som vart sett opp på nytt ved Sydney Theatre Company året etter. Denne framsyninga vann Sydney Theatre Critics Circle Newcomer Award. Etter Oleanna og Hamlet vart det verdspremiere med stykket Sweet Phoebe i rolla som Helen ved Sydney Theatre Company og Warehouse Theatre i London.

Blanchett høyrer til ei gruppe av engelskspråklege skodespelarar som har klart å halde oppe ein stor aktivitet som sceneaktørar etter å ha hatt gjennombrot på film. Lista over teaterproduksjonar etter gjennombrotstida hennar er lang: Miranda i Shakespeare sitt skodespel The Tempest (Stormen) ved Belvoir Street Theatre Company (1995), Rose Draper i The Blind Giant is Dancing ved Belvoir Street Theatre (1995), Nina i The Seagull (Måken) av Anton Tsjekhov ved Belvoir Street Theatre Company (1997), Susan Traherne i Plenty ved The Alemida Season at the Albery Theatre i London (1999) og The Vagina Monologues ved The Old Vic, London (2004).

For eit norsk teaterpublikum er det verd å notere at Blanchett i 2004 spelte tittelrolla i Hedda Gabler av Henrik Ibsen ved Sydney Theatre Company. Denne framsyninga hadde gjestespel i fire veker med Brooklyn Academy of Music's Harvey Theatre i mars 2006. Blanchett fekk Ibsenstatuetten av den norske regjeringa for dette, i høve 100-årsminnet for Henrik Ibsen sin død i 2006. Denne prisen vart delt ut av dåverande statsråd for barn, familie og likestilling Karita Bekkemellem. Blanchett fekk også Helpmann Award for beste kvinnerolle i skodespel i 2005 for denne rolla.

I 2009 spelte ho Richard II og Lady Anne i The War of the Roses Cycle ved Sydney Theatre Company. Same år spelte ho Blanche DuBois i A Streetcar Named Desire (Ei sporvogn til attrå) av Tennesee Williams ved Sydney Theatre Company i regi av Liv Ullmann. Ho har spelt Yelena i Uncle Vanya av Anton Tsjekhov ved Sydney Theatre Company (2010), Lotte i Big and Small ved Sydney Theatre Company    (2011), Claire i Jean Genet sitt skodespel The Maids (Hushjelpene) ved Sydney Theatre Company (2013). Blanchett deltek også i oppsetjinga av dette skodespelet for Sydney Theatre Company ved Lincoln Center Festival primo august 2014.     

Blanchett har frå 1990 medverka i ei lang rekkje filmar filmar, og er best kjent for eit norsk publikum i tittelrolla i filmen Elizabeth (1998), som Meredith Logue i The Talented Mr. Ripley (1999), som Galadriel i Lord of the Rings-trilogien (2001-2003), som Katharine Hepburn i The Aviator (2004), som Queen Elizabeth I i Elizabeth: The Golden Age (2007), Galadriel i Hobbit-trilogien (2012-2014), som Jeanette 'Jasmine' Francis i Blue Jasmine (2013) og som Claire Simone i The Monuments Men (2014).

Cate Blanchett har fått mange prisar, mellom anna Oscar for Beste kvinnelege skodespelar i 2013, for rolla som Jeanette 'Jasmine' Francis i Blue Jasmine.

<< Tilbake 

  Fram >>

 

A  B  C  D  E  F  G  H  I   J  K  L  M  N  O  P  Q  R  S  T  U  V  W  X  Y  Z  Æ  Ø  Å  



Teaternett arbeider med å bygge opp en database over teaterfaglig stoff, begreper og navn under overskriften teaterleksikon. Send oss også gjerne tips! Vår adresse er: teaternett@teaternett.no