FAGLITTERATUR / Teaterleksikon / D

(annonse)

Denne side endret
15. februar 2014

HOVEDSIDE
Om Teaternett
FAGLITTERATUR
Teaterleksikon
Bibliotek
SØK



Teaterleksikon

<< Tilbake 

  Fram >>

D

Dance, Charles

Del artikkelen |

Walter Charles Dance. Fødd 10. oktober 1946 i Redditch, Worcestershire, England. Skodespelar i teater og film, forfattar av filmmanus, filmregissør. Dance gjekk på Widey Technical School for Boys i Crownhill. Han vart uteksaminert frå the Plymouth College of Art og la opp til ei karriere innanfor grafisk design før han valde å byrje som skodespelar.

Charles Dance.
Juli 2012.
Foto: Commander Idham.
WikiCommons
CharlesDanceJulyWikiCommons-Crp.jpg (40419 bytes)

Dance vart medlem av the Royal Shakespeare Company (RSC) og har teke del i mange av produksjonane i London og Stratford-upon-Avon frå midten av 1970-talet. Dance har også vore med på ei lang rekkje sceneproduksjonar ved andre teater.

Eit utval av Dance sine sceneroller: Badger i Toad of Toad Hall (1971), Wat Dreary i The Beggar's Opera av John Gay (Chichester Festival Theatre 1972), Philip i The Taming of the Shrew av Shakespeare (Chichester 1972), Soliony i Three Sisters av Tsjekhov (Greenwich Theatre 1973), Fortinbras og Reynaldo i Hamlet (RSC 1975 og 1976), tittelrolla i Henry V av Shakespeare (RSC 1975), Prince John of Lancaster i Henry IV, Del 1 og Henry IV, Del 2  (RSC 1975 og 1976),  Oliver i As You Like It (RSC 1977 og 1978), tittelrolla i Coriolanus av Shakespeare (RSC 1989 og 1990), Vershinin i Three Sisters (Birmingham Rep, 1998), James Tyrone i Long Day's Journey into Night av O'Neill (Lyric Theatre 2000) og C. S. Lewis i Shadowlands (Wyndham's Theatre 2007 og Novello Theatre 2007–2008).

Dance har teke del i ei omfattande rekkje film- og fjernsynspoduksjonar. Nokre døme er Claus i James Bond: For Your Eyes Only (1981), D. W. Griffith i Good Morning, Babylon av Taviani-brørne (1987), Erik i The Phantom of The Opera (1990), Jonathan Clemens i Alien 3 (1992), Ralph NicklebyThe Life and Adventures of Nicholas Nickleby (2001) og Lord Stockbridge i Gosford Park (2001).

For norsk publikum er Charles Dance mest kjend i rolla som Tywin Lannister i HBO-serien Game of Thrones (2011-2014).

Relatert link:
Dance is poignant perfection Av Nicholas de Jongh.London Evening Standard 9. oktober  2007.

<< Tilbake 

  Fram >>

 

A  B  C  D  E  F  G  H  I   J  K  L  M  N  O  P  Q  R  S  T  U  V  W  X  Y  Z  Æ  Ø  Å  



Teaternett arbeider med å bygge opp en database over teaterfaglig stoff, begreper og navn under overskriften teaterleksikon. Send oss også gjerne tips! Vår adresse er: teaternett@teaternett.no