FAGLITTERATUR / Teaterleksikon / D

(annonse)

Denne side endret
27. desember 2013

HOVEDSIDE
Om Teaternett
FAGLITTERATUR
Teaterleksikon
Bibliotek
SØK



Teaterleksikon

<< Tilbake 

  Fram >>

D

Dormer, Natalie

Del artikkelen |

Født 11. februar 1982 i Reading, Berkshire, England. Skodespelar i teater og film. Ho vart uteksaminert frå Webber Douglas Academy of Dramatic Art i London i 2004.

Natalie Dormer.
Mars 2013.
Foto: Suzi Pratt.
WikiCommons
NatalieDormerWikiCommons.jpg (12586 bytes)

Som skulejente ved Reading Blue Coat School trente Dormer dans, og var også aktiv nettballspelar, nettball er ein variant av basketball. Dormer reiste også rundt internasjonalt med skulen si talegruppe. Ho søkte først ei akademisk karriere, men kom ikkje inn på historiestudiet ved Cambridgeuniversitetet. Ho prøvespelte då for opptak på drama- og teaterskular og byrja på Webber Douglas Academy of Dramatic Art i London. Kort tid etter at ho var ferdigutdanna der vart Dormer plukka ut til rolla som Victoria i Lasse Hallströms film Casanova (2005).

Dormer har hatt sceneroller som Mizi i Sweet Nothings ved teatret Young Vic i London (2010), som frøken Julie i After Miss Julie same stad (2012) og som Pat i .45 ved Hampstead Theatre (2010). Teatermagasinet Exeunt meinte at Dormers innsats som frøken Julie inneheldt "all the anger, desire, wit, loneliness, merriment, melancholy and desperation of the casts of several plays together... Dormer has still more presence and eerie beauty than is apparent from her appearances on-screen, and she shape-shifts almost supernaturally between seductress, child, and tormentor."

For norsk publikum er Natalie Dormer mest kjent i rolla som Margaery Tyrell i HBO-serien Game of Thrones (2011-2014) og som Anne Boleyn i tv-serien Tudors (2007-2010). Frå filmografien hennar kan også rolla som Gemma i filmen Rush (2013) nemnast. Dormer vil ha rolla som Cressida i dei to siste filmane i Hunger Games-rekkja, Mocking Jay del 1 og 2. Rolla som Victoria i Casanova (2005) vart debuten og gjennombrotet for Dormer som filmskodespelar, og regissør Lasse Hallström fann å måtte utvide rolla til Dormer, han vart imponert over skodespelaren si evne til komisk timing.
.
Relatert link:
After Miss Julie at Young Vic Av Sarah Perry. Exeunt, mars 2010.



<< Tilbake 

  Fram >>

 

A  B  C  D  E  F  G  H  I   J  K  L  M  N  O  P  Q  R  S  T  U  V  W  X  Y  Z  Æ  Ø  Å  



Teaternett arbeider med å bygge opp en database over teaterfaglig stoff, begreper og navn under overskriften teaterleksikon. Send oss også gjerne tips! Vår adresse er: teaternett@teaternett.no