FAGLITTERATUR / Teaterleksikon / E

(annonse)

Denne side endret
23. februar 2014

HOVEDSIDE
Om Teaternett
FAGLITTERATUR
Teaterleksikon
Bibliotek
SØK



Teaterleksikon

<< Tilbake 

  Fram >>

E

Endre, Lena

Del artikkelen |

Lena Endre, fødd 8. juli 1955 i Lidingö, Stockholm, Sverige. Svensk skodespelar i teater og film. Ho byrja å studere marinbiologi, men hoppa av studiene og byrja i staden å jobbe i ein platebutikk. Ho vart med i amatørteatergruppa Teater Sputnik i 1979 og i Inge Waerns teaterstudio i Stockholm i tidsrommet 1979–1980. I 1983 kom ho inn på Scenskolan i Stockholm og vart uteksaminert derifrå i 1986.

Lena Endre.
Januar 2013.
Foto: Frankie Fouganthin.
WikiCommons
Lena_EndreWikiCommons-Crp.jpg (41801 bytes)

Den første filmrolla si hadde ho i den svenske filmen Slagskämpen (1984). Ho medverka i   1987–1988 i TV-serien Varuhuset, i rolla som Ingrid Persson. Dette vart gjennombrotet hennar.

I 1987 byrja ho på Dramaten i Stockholm via Ingmar Bergman og karriera skaut fart. Ifylgje Bergman var ho "oavbrutet levande i varje ton" (Wikipedia). Ho har mellom anna delteke i fylgjande teaterproduksjonar: Som Solveig i Peer Gynt av Henrik Ibsen i regi av Ingmar Bergman (1991), som Julia i Romeo och Julia av Shakespeare i regi av Peter Langdal (1991), som Marie Steuber i Rummet och tiden i regi av Ingmar Bergman (1993), som Shen Te/Shui Ta i Den goda människan i Sezuan av Brecht i regi av Thorsten Flinck (1998), som Elisabeth i Maria Stuart av Schiller i regi av Ingmar Bergman (2002) og som Lady Macbeth i Macbeth i regi av Staffan Valdemar Holm (2006).

Utanfor Dramaten var ho med NattorienterarnaTeater Brunnsgatan Fyra og i revy med LorrygängetOscarsteatern, 2002.

Sidan 1984 har Endre medverka i meir enn 70 ulike film- og fjernsynsproduksjonar. For norsk publikum er ho mest kjend for deltakinga i Wallander-serien (2009-2010), frå filmane Män som hatar kvinnor (2009), Flickan som lekte med elden (2009), Troløs (2000) og Kristin Lavransdatter (1996). For Svensk TV Drama har ho spelt titelrolla i Hedda Gabler av Henrik Ibsen (1993).

Lena Endre har fått den svenske filmprisen Guldbaggen for innsatsen sin, mellom anna for rolla som Marianne i filmen Troløs i regi av Liv Ullmann (2000).

<< Tilbake 

  Fram >>

 

A  B  C  D  E  F  G  H  I   J  K  L  M  N  O  P  Q  R  S  T  U  V  W  X  Y  Z  Æ  Ø  Å  



Teaternett arbeider med å bygge opp en database over teaterfaglig stoff, begreper og navn under overskriften teaterleksikon. Send oss også gjerne tips! Vår adresse er: teaternett@teaternett.no