FAGLITTERATUR / Teaterleksikon / F

(annonse)

Denne side endret
8. februar 2014

HOVEDSIDE
Om Teaternett
FAGLITTERATUR
Teaterleksikon
Bibliotek
SØK



Teaterleksikon

<< Tilbake 

  Fram >>

F

Fedra

Del artikkelen |

Skodespel av den franske klassisistiske dramatikaren Jean-Baptiste Racine. Skodespelet byggjer på den antikke greske myten om dronninga Fedra som vart vilt forelska i stesonen sin, Hippolytos. Ryktet når henne om at mannen

FedraWikiCommons.jpg (113837 bytes)

Illustrasjon: WikiCommons


Sterke kjensler: Slik såg den franske malaren Alexandre Cabanel (1823–1889) føre seg dronning Fedra (Phèdre) frå den antikke greske myteverda. Maleriet er frå 1880. Fedra sin kjærleik til stesonen Hippolytos får fatale følgjer for henne sjølv og hennar nærmaste.

hennar, Tesevs, er død. Ho vågar seg då til å fortelje Hippolytos om kjærleiken sin til han. Men stesonen er løynleg kjær i prinsessa Aricia, og han avviser Fedra. Det viser seg så at Tesevs er i live, og bodskapen om dette er vendepunktet i dramaet. Då Tesevs kjem heim skuldar Fedra Hippolytos for å ha freista å valdta henne. Fedra er frå seg av hemnlyst på Hippolytos. Ho er også svartsjuk på Aricia som han elskar. Sjølv om Hippolytos nektar for overgrepet, trur Tesevs han ikkje. Han sender sonen i utlegd, og får også havguden Neptun til å ta livet av Hippolytos. Aricia får Tesevs til å tvile på at Hippolytos er skuldig. Fedra innrømmer til slutt alt, og tek livet av seg med gift. Tesevs forsonar seg med Aricia og adopterer henne som dottera si. Med i intrigene har også fleire fortrulege tenarar ein viktig plass: Ismene til Aricia, Teramenes til Hippolytos og Oinone til Fedra. Under oppklaringa medverkar Oinone særskilt, og tek også livet av seg.

Skandalar og sterke kjensler
Ei slik voldsom intrige med sterke kjensler fascinerte og fenga ved det skandalehungrige franske hoffet. Det var ei tid utan vår tids kolossale tilgang på medieskapte historier. Forteljinga om Fedra har også inspirert mange andre kunstnarar. Men Jean Racine sin versjon på aleksandrinsk versemål har fått ein særskilt plass, ikkje minst på teaterscenene verda over.

Premieren var 1. januar 1677 i Hôtel de Bourgogne. Det gjekk ikkje friksjonsfritt for seg. Vener til ein annan fransk tragedieskapar, Pierre Corneille, under leiing av hertuginna av Bouillon, laga intriger. Dei fekk ei anna teatergruppe til å framføre eit stykke av ein annan dramatikar, Nicolas Pradon, på omtrent same tema! Hertuginna av Bouillon var ein av dei namngjetne Mancini-systrene. Dei var nieser til den legendariske italienskætta kardinal Giulio Raimondo Mazzarino. Mazarin vart han kalla på fransk, kong Ludvig den fjortande sin statsminister.

Fedra vart sett opp av Det Norske Teatret våren 2014 i omsetjing og gjendiktning av Halldis Moren Vesaas. Ho brukte minst tre år på arbeidet. Fedra og andre skodespel av Racine er rekna som bortimot umogleg å omsetje, og karakterisert som "diamantslipte". Gjertrud Jynge (fødd 1966) hadde tittelrolla i 2014-oppsetjinga, som hadde premiere 14. februar 2014
.

Litteratur:
Jon Nygaard: Teatrets historie i Europa. Del 2: Teatret fra 1750 til 1900. Det offisielle  teatret Spillerom 1992 (214f).
Wikipedia

<< Tilbake 

  Fram >>

 

A  B  C  D  E  F  G  H  I   J  K  L  M  N  O  P  Q  R  S  T  U  V  W  X  Y  Z  Æ  Ø  Å  



Teaternett arbeider med å bygge opp en database over teaterfaglig stoff, begreper og navn under overskriften teaterleksikon. Send oss også gjerne tips! Vår adresse er: teaternett@teaternett.no