FAGLITTERATUR / Teaterleksikon / F

(annonse)

Denne side endret
15. mars 2014

HOVEDSIDE
Om Teaternett
FAGLITTERATUR
Teaterleksikon
Bibliotek
SØK



Teaterleksikon

<< Tilbake 

  Fram >>

F

Freeman, Morgan

Del artikkelen |

Morgan Freeman. Fødd 1. juni 1937 i Memphis, Tennessee, USA. Amerikansk skodespelar i teater, film og røysteleggjing, filmregissør. Freeman flytta fleire gonger gjennom sin tidlege barndom og budde i Greenwood, Mississippi, i Gary, Indiana og tilslutt i Chicago, Illinois. Han gjekk på skule ved Broad Street High School i Greenwood, i ein bygning som idag gjev hus til Threadgill Elementary School. Då han var 12 år vann han ein nasjonal dramakonkurranse og mens han gjekk på  Broad Street High School var han med i eit radioshow i Nashville, Tennessee.

Morgan Freeman.
Oktober 2006.
Foto: David Sifry.
WikiCommons
MorganFreeman2006-crp.jpg (25823 bytes)

I 1955 var han ferdig ved Broad Street. Men i staden for å fylgje eit dramastipend ved Jackson State University, tok han teneste som radarteknikar i US Air Force.

Freeman debuterte som sceneskodespelar då han var ni år. Han spelte hovudrolla i eit skulespel. Utover 1960-talet flytta Freeman etterkvart til Los Angeles, California, der han tok skodespelarundervisning ved Pasadena Playhouse og dansetimar i San Fransisco. I denne tida budde han også i New York City der han arbeidde som dansar ved the 1964 World's Fair, og i San Francisco, der han var medlem av the Opera Ring Musical Theater Group. Freeman spelte også i ein turneversjon av The Royal Hunt of the Sun. I 1967 gjorde han sin off-Broadway-debut og spelte mot Viveca Lindfors i The Nigger Lovers, om borgarrettargruppa "Freedom Riders", I 1968 debuterte han på Broadway med Hello, Dolly! i ein versjon med berre farga skodespelarar, der også Pearl Bailey og Cab Calloway medverka.

Freeman heldt fram med å spele teater og fekk i 1980 Obie Award for innsatsen i tittelrolla i Shakespeare sitt skodespel Coriolanus. I 1984 fekk han sin andre Obie Award for rolla som presten i The Gospel at Colonus, ei framsyning som var skapt i New York City av den eksperimentelle teaterregissøren Lee Breuer. Den tredje Obie Award fekk Freeman i rolla som sjåføren i Driving Miss Daisy av Alfred Uhry i ei framsyning som også vart innspelt i filmversjon i 1989.

Morgan Freeman har vore politisk aktiv i fleire samanhengar, og han støtta presidentkandidaturet til Barrack Obama i 2008.

Den profilerte skodespelaren har medverka i ei svært lang rekkje filmar. For eit norsk publikum er han mest kjend i rolla som Lucius Fox i The Dark Knight Rises (2012), som røysta til Vitruvius i Legofilmen (2014), i rolla som Lucius Fox i The Dark Knight (2008), som Carter Chambers i The Bucket List (2007), som Lucius Fox i Batman Begins (2005), som President Tom Beck i Deep Impact (1998), og som Ellis Boyd "Red" Redding og forteljaren i The Shawshank Redemption (1994, "Regn av fridom"/"Frihetens regn" på norsk).

<< Tilbake 

  Fram >>

 

A  B  C  D  E  F  G  H  I   J  K  L  M  N  O  P  Q  R  S  T  U  V  W  X  Y  Z  Æ  Ø  Å  



Teaternett arbeider med å bygge opp en database over teaterfaglig stoff, begreper og navn under overskriften teaterleksikon. Send oss også gjerne tips! Vår adresse er: teaternett@teaternett.no