FAGLITTERATUR / Teaterleksikon / G

(annonse)

Denne side endret
26. januar 2014

HOVEDSIDE
Om Teaternett
FAGLITTERATUR
Teaterleksikon
Bibliotek
SØK



Teaterleksikon

<< Tilbake 

  Fram >>

G

Gainsbourg, Charlotte

Del artikkelen |

Charlotte Gainsbourg. Fødd 21. juli 1971 i London, England. Engelsk-fransk skodespelar i teater og film, musikkartist. Gainsbourg vaks opp i Paris. Ho gjekk på skule ved École Active Bilingue Jeannine Manuel i Paris og utdanna seg vidare ved Collège Alpin International Beau Soleil i Sveits. Ho har fått fleire prisar og nominasjonar.

Charlotte Gainsbourg.
2010.
Foto: Olivier Pacteau.
WikiCommons
CharlotteGainsbourgWikiCommons-Crp.jpg (43743 bytes)

Gainsbourgh debuterte på teaterscenen i 1994 i framsyninga av den amerikanske dramatikaren, forfattaren og fimregissøren David Mamet sitt skodespel Oleanna ved Théâtre de la Gaîté-Montparnasse.

For norsk publikum er Gainsbourg mest kjend i rolla som hovedkarakteren Joe i den danske filmskaparen Lars von Trier sin film Nymphomaniac (2013). Om innspelinga av filmen har Gainsbourg mellom anna sagt fylgjande (Wikipedia): "Sex-scenene var ikkje så vanskelege. For meg var det alle dei masochistiske scenene. Dei var pinlege, og ja, litt audmjukande". Ho har medverka i eit stort tal filmar, mellom anna som Claire i Lars von Trier sin film Melancholia (2011), som She (henne) i Lars von Trier sin film Antichrist (2009), som Fantine i miniserien Les Misérables (2000) og i tittelrolla i Jane Eyre (1996) av Zefirelli.

Gainsbourg har vunne den franske filmbransjen sin pris César for mest lovande kvinnelege skodespelar i 1985 for rolla som Charlotte Castang i filmen L'Effrontée, César for beste kvinnelege skodespelar i 1996 for rolla som Marie i filmen Love, etc. og César for beste kvinnelege birolle i 1999 som Milla Robin i filmen La Bûche.

<< Tilbake 

  Fram >>

 

A  B  C  D  E  F  G  H  I   J  K  L  M  N  O  P  Q  R  S  T  U  V  W  X  Y  Z  Æ  Ø  Å  



Teaternett arbeider med å bygge opp en database over teaterfaglig stoff, begreper og navn under overskriften teaterleksikon. Send oss også gjerne tips! Vår adresse er: teaternett@teaternett.no