FAGLITTERATUR / Teaterleksikon / G

(annonse)

Denne side endret
6. februar 2014

HOVEDSIDE
Om Teaternett
FAGLITTERATUR
Teaterleksikon
Bibliotek
SØK



Teaterleksikon

<< Tilbake 

  Fram >>

G

Glen, Iain

Del artikkelen |

Iain Glen. Fødd 24. juni 1961 i Edinburgh, Skottland. Skodespelar i teater, fjernsyn, film og røysteleggjing. Han gjekk på skule ved den private guteskulen Edinburgh Academy, før han byrja å studere ved the University of Aberdeen. Deretter gjekk han på the Royal Academy of Dramatic Art der han vart tildelt the Bancroft Gold Medal.

Iain Glen.
Juli 2012.
Foto: Alan Chang.
WikiCommons
IainGlenWikiCommons-Crp.jpg (32593 bytes)

Etter endt utdanning har Glen medverka i ei oppsiktsvekkjande rad teateroppsetjingar: Fortune's Fool, (The Old Vic, 2013), tittelrolla i Onkel Vanja, (The Print Room, 2012) - Ibsens Gengangere   (2010), The Crucible (2006, Olivier-nominasjon for beste skodespelar), Henrik V (1995, Evening Standard-nominasjon for beste skodespelar), Hedda Gabler (2005), Måken, Ei sporvogn til begjær (2002), The Blue Room (1998, Olivier-nomnasjon for beste skodespelar, Broadway Drama League-prisen for beste skodespelar), Martin Guerre (1996–1997, Olivier-nominasjon for beste musikalskodespelar), Macbeth (1993, Mayfest-prisen for beste skodespelar), Shakespeares Kong Lear, Shakespeares Coriolanus, She Stoops to Conquer, Hamlet (Bristol Old Vic 1991, Ian Charleson-prisen), Hapgood, The Man Who Had All the Luck (Bristol Old Vic 1990), Road, Edward II, Small Engine Repair, The Recruiting Officer, Scener frå eit ekteskap (2008) og Wallenstein (2009, Minerva Theatre, Chichester, tittelrolle).

For norsk publikum er Iain Glen mest kjend i rolla som Ser Jorah Mormont i HBO-serien Game of Thrones (2011-2014). Han har også vore med i ei rad filmar og TV-seriar. Mest kjent i Noreg er truleg Kingdom of Heaven (2005) der Glen spelte Richard Løvehjarte og The Iron Lady (2011) der han spelte Alfred Roberts. Han har også medverka i Doktor Who (2010) som Father Octavian og Downtown Abbey (2011) som Sir Richard Carlisle.

<< Tilbake 

  Fram >>

 

A  B  C  D  E  F  G  H  I   J  K  L  M  N  O  P  Q  R  S  T  U  V  W  X  Y  Z  Æ  Ø  Å  



Teaternett arbeider med å bygge opp en database over teaterfaglig stoff, begreper og navn under overskriften teaterleksikon. Send oss også gjerne tips! Vår adresse er: teaternett@teaternett.no