FAGLITTERATUR / Teaterleksikon / G

(annonse)

Denne side endret
9. mars 2014

HOVEDSIDE
Om Teaternett
FAGLITTERATUR
Teaterleksikon
Bibliotek
SØK



Teaterleksikon

<< Tilbake 

  Fram >>

G

Green, Eva

Del artikkelen |

Eva Gaëlle Green. Fødd 5. juli 1980 i Paris, Frankrike. Skodespelar i teater og film. Eva gjekk på the American School of Paris, studerte ved the American University of Paris og vart uteksaminert der. Ifylgje Wikipedia var Green ein blyg og stille elev, og ho vart interessert i egyptologi under ei vitjing i Louvre som sjuåring. Som fjortenåring tok ho avgjerda om å bli skodespelar. Mellom 1997 og 2000 studerte Green ved St. Paul Drama School in Paris og var deretter 10 veker ved Webber Douglas Academy of Dramatic Art i London. Green har også hatt kurs ved  New York University's Tisch School of the Arts i New York City.

Eva Green.
Mars 2014.
Foto: Charles Tylar.
WikiCommons
Eva_GreenWikiCommons-Crp.jpg (29869 bytes)

Medan ho studerte sa Green mellom anna at "ho alltid plukka ut dei verkeleg vonde rollene. Det er ein fin måte å handtere kvardagskjenslene dine på". Då ho kom attende til Paris spelte ho i fleire skodespel, mellom anna i Jalousie en Trois Fax (2001), ein innsats ho vart nominert til Molière Award for, og i skodespelet Turcaret (2002).

For norsk publikum er Eva Green mest kjend i rolla som Artemisia i filmen 300: Rise of an Empire (2014). Ho har også vore med i ei rad andre filmar, som Isabelle i The Dreamers (2003), som Sibylla i Kingdom of Heaven (2005), som Vesper Lynd i James Bond: Casino Royale (2006) og som Serafina Pekkala i The Golden Compass (2007).

Relatert Link:
'He's the Bond girl, not me' Av Stuart Jeffries. The Guardian, 26.januar 2007

<< Tilbake 

  Fram >>

 

A  B  C  D  E  F  G  H  I   J  K  L  M  N  O  P  Q  R  S  T  U  V  W  X  Y  Z  Æ  Ø  Å  



Teaternett arbeider med å bygge opp en database over teaterfaglig stoff, begreper og navn under overskriften teaterleksikon. Send oss også gjerne tips! Vår adresse er: teaternett@teaternett.no