FAGLITTERATUR / Teaterleksikon / N

(annonse)

Denne side endret
28. mars 2014

HOVEDSIDE
Om Teaternett
FAGLITTERATUR
Teaterleksikon
Bibliotek
SØK



Teaterleksikon

<< Tilbake 

  Fram >>

N

Nyong'o, Lupita

Del artikkelen |

Lupita Amondi Nyong'o. Fødd 1. mars 1983 i Mexico City, Mexico. Kenyansk-mexicansk skodespelar i teater og film. Familien flytta til New York, og derifrå til Kenya, før Lupita var eitt år. Som sekstenåring vart ho sendt attende til Mexico for å lære seg spansk. Nyong'o budde i Taxco, Guerrero og fylgde kurs ved the Universidad Nacional Autónoma de México's Learning Center for Foreigners. Nyong'o vaks opp i ein kunstinteressert familie som ofte såg på skodespel, og der ungane hadde framsyningar i selskap og festar i heimen.

Lupita Nyong'o.
September 2013.
Foto: gdcgraphics.
WikiCommons
Lupita_NyongoWikiCommons-crp.jpg (38860 bytes)

Nyong'o gjekk på ein jenteskule i Kenya der ho spelte i skuleteaterframsyningar. Hennar første framsyning var ei mindre rolle i Oliver Twist basert på Charles Dickens sin roman. Då ho var 14 år debuterte Nyong'o i ei profesjonell teaterframsyning som Julie i Shakespeare sitt skodespel Romeo og Julie. Denne produksjonen var ved Nairobiteatergruppa Phoenix Players. Medan ho var medlem av the Phoenix Players, spelte Nyong'o også i skodespela On The Razzle og There Goes The Bride.

Nyong'o gjekk på college i USA. Etter at ho var uteksaminert frå Hampshire College med ein grad i film og teaterstudier byrja ho å arbeide i filmproduksjonar bak kamera. Etterkvart byrja ho på ein master i skodespel ved the Yale School of Drama. Her var ho med i mange sceneproduksjonar, som Gertrude Stein sitt skodespel Doctor Faustus Lights the Lights, Anton Tsjekhov sitt skodespel Onkel Vanja og The Taming of the Shrew av Shakespeare. Medan ho var ved Yale fekk ho the Herschel Williams Prize "awarded to acting students with outstanding ability" for skuleåret 2011–2012.

Nyong'o har enno ikkje medverka som skodespelar i så mange filmar, men har fått stor merksemd for rolla som Patsey i 12 Years a Slave (2013). Denne innsatsen har gjeve henne Oscar og mange andre prisar og nominasjonar for beste kvinnelege birolle, og har også gjort henne kjend for eit norsk publikum. Den foreløpig siste filmen hennar er som Gwen Lloyd i filmen Non-Stop (2014).

<< Tilbake 

  Fram >>

 

A  B  C  D  E  F  G  H  I   J  K  L  M  N  O  P  Q  R  S  T  U  V  W  X  Y  Z  Æ  Ø  Å  



Teaternett arbeider med å bygge opp en database over teaterfaglig stoff, begreper og navn under overskriften teaterleksikon. Send oss også gjerne tips! Vår adresse er: teaternett@teaternett.no