FAGLITTERATUR / Teaterleksikon / P

(annonse)

Denne side endret
15. februar 2014

HOVEDSIDE
Om Teaternett
FAGLITTERATUR
Teaterleksikon
Bibliotek
SØK



Teaterleksikon

<< Tilbake 

  Fram >>

P

Persbrandt, Mikael

Del artikkelen |

Mikael Åke Persbrandt. Fødd 25. september 1963 i Jakobsberg utanfor Stockholm, Sverige. Skodespelar i teater, film og fjernsyn, røysteleggjar, teatereigar og teaterdirektør. Før han vart skodespelar var han innom Grundskolan för konstnärlig utbildning i Stockholm og hadde også eiga utstilling. Seinare gjekk han også på Ballettakademien og var dansar. Han har også freista yrke som drosjesjåfør, oppvaskar og servitør.

Mikael Persbrandt.
9. januar 2012.
Foto: Frankie Fouganthin.
WikiCommons
Persbrandt2012WikiCommons-Crp.jpg (23254 bytes)

Skodespelarlivet til Persbrandt byrja då han vart med som statist på oppsetjinga av Kong Lear i Ingmar Bergman sin regi, ved Kungliga Dramatiska Teatern (Dramaten) i 1984. Denne opplevinga var eit vendepunkt som Persbrandt skildrar slik: "Jag stod längst bak, som soldat, och tittade på när de stora elefanterna Kulle och Strandberg dansade längst fram. Magin gick upp för mig. Det var 900 personer i publiken. Jag tänkte: ”Där sitter ni och här står jag. Ni tittar på mig." (Wikipedia).

Teaterutdanninga si har Persbrandt frå tida i friteatergruppa Teater Galeasen i Stockholm, der han var med frå 1991 til 1995 og tok del i fem produksjonar.

Frå 1991 har Persbrandt medverka i ei lang rekkje teaterframsyningar på svenske scenar. Mellom andre tittelrolla i Puntila av Brecht ved Dramaten (1996), En handelsresandes död av Arthur Miller (Teater Plaza 1996), Den goda människan i Sezuan av Brecht (Dramaten 1998), Lång dags färd mot natt av O'Neill (Dramaten 1998), Don Juan (Dramaten 1999), Maria Stuart av Schiller (Dramaten 2000), som Gregers Werle i Ibsens Vildanden (Dramaten 2000), Leka med elden (Dramaten 2002) og Arbetarklassens sista hjältar (Lilla elverket 2004).

I 2005 spelte Persbrandt rolla som Jean i Strindberg sitt kjende skodespel Fröken Julie (Dramaten). Her spelte han mot skodespelar og tidlegare sambuar Maria Bonnevie i tittelrolla.

Vidare har Persbrandt spelt Lik som män (Vasateatern 2005), i Måsen av Tsjekhov (Teater Galeasen 2007) og I väntan på Godot (Stockholms Stadsteater 2009).

Ved Maximteatern i Stockholm, der Persbrandt no er deleigar, spelar han Edgar i Strindberg sitt skodespel Dødsdansen som har premiere 22. oktober 2014. I denne oppsetjinga spelar han mellom anna mot Lena Endre i rolla som Alice.

Ved sidan av denne omfattande teateraktiviteten har Persbrandt vore med i eit stort tal film- og fjernsynsproduksjonar. For dette har han fått fleire prisar i Sverige og andre land. For norsk publikum er han mest kjend i rolla som Gunvald Larsson i den svenske fjernsynsserien Beck (1997 til 2010) og som Carl Hamilton (2011-2015) i fleire filmar basert på Jan Guillou sine romanar. Persbrandt er også kjend som Anton i den danske filmen Hævnen (2010), som Beorn i Hobbiten (2013-2014) og som Hasse i Mig äger ingen (2013).

Persbrandt har også gjeve røysta si til ei rekkje filmfigurar.

<< Tilbake 

  Fram >>

 

A  B  C  D  E  F  G  H  I   J  K  L  M  N  O  P  Q  R  S  T  U  V  W  X  Y  Z  Æ  Ø  Å  



Teaternett arbeider med å bygge opp en database over teaterfaglig stoff, begreper og navn under overskriften teaterleksikon. Send oss også gjerne tips! Vår adresse er: teaternett@teaternett.no