|
|
|
 |
 |
Strid om TEATERSTRUKTUR
Korleis skal teaterlivet i København organiserast? I haust la Teaterutvalet til
Hovedstadens Udviklingsråd (HUR), fram ei innstilling som møtte massiv motstand i
teaterlivet.
Motstanden førte ifylgje Politiken til at framlegget vart trekt tilbake, foreløpig for
eitt år. Alle avtalar med dei store teatra er blitt forlenga tilsvarande med eitt år,
også direktørkontraktene. Dette vedtaket er også omstridd fordi det kan få økonomiske
konsekvensar for teatra.
To analyser
No legg istaden Teaterutvalet mot slutten av februar fram ei analyse av teaterliv,
teatervanar og teaterbehov i framtidas København. Analysen vert ikkje ståande aleine:
Teatra legg samstundes fram sin eigen analyse.
Alt er duka for ein skikkelig duell om framtida for teatra i den danske hovudstaden.
Relatert link:
Teatrenes fremtid
er fortsat uvis Av Peter Thygesen. Politiken, 29. januar 2004
NYHETER MELDINGER
Teaternett formidler nyheter fra norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være
oppdatert! Skjer det noe der du er - send oss et tips! Vår epostadresse: teaternett@teaternett.no |
|
|