|
|
 |
 |
Val 2013:
Blåblått eller BLÅGRØNT?
Teaternett har sett på teaterpolitikken til dei politiske partia, og freista å finne ut
kven som kjem best ut. Er løpet kjørt for dei raudgrøne? Må teaterveljarane ta eit
nytt val: Korleis vil dei at ei ny borgarleg regjering skal sjå ut?
Dagane som står att fram til stortingsvalet er som rimeleg kan vere prega av stadig meir
intense debattar om kva slags parti og politikarar som har den beste politikken. Av og til
kan det opplevast som komedie, andre gongar som tragisk. Mange vil seie at det heile er
eit sirkus.
Det er langt frå lett for teaterfolk og teaterpublikum å finne ut av kva slags politisk
retning som gjev mest og best teater, for oss som meiner at dette er eit viktig
samfunnsområde. 5. september 2005 freista teaternett.no å sjå kva vi fann om teater i
partiprogramma, den gongen. Åtte år seinare gjer vi ein ny freistnad, med partia sine
nettsider som kjelder, og med eit sideblikk til den politikken partia elles framfører.
Sjå vår raske gjennomgang, sjekk partiprogramma og døm sjølv.
Gøymt bort
Teaterpolitikken ligg som regel godt gøymt bort i den generelle kulturpolitikken, som
heller ikkje står høgt på dagsordenen ved dette valet. Ja, eit inntrykk er at kultur
har langt mindre plass i valkampen i år enn for åtte år sidan. Kva som blir gitt til
kultur og teater er ikkje berre avhengig av regjeringskonstellasjonane, men også på
styrketilhøvet innanfor de ulike regjeringsalternativa. Det er i alle fall fire
regjeringsalternativ i år: Nye fire år med dei raudgrøne, ei regjering med KrF, Venstre
og Høgre, ei rein Høgre-regjering eller ei regjering av Høgre og FrP.
Kultur- og teaterlivet er ein sektor som går på tvers av hovedskilja i norsk politikk.
Og andre politikkområde som til dømes velferdspolitikk og næringspolitikk kan også
bety mykje. Sjekk ut linkane, leit etter teaterpolitikken, finn den om du kan (!), og døm
sjølv.
FRP: Har sete seg bakerst på skulebenken
I 2005 skreiv teaternett.no ganske krasst om FrP: "Kultur-institusjoner,
kulturarbeidere og teatersektorene har trolig lite penger, mye uforstand og katastrofal
politikk i vente om dette partiet kommer i framskutt posisjon". Vi søker på
FrPs nettside på teater, under "Hva vi mener". Her finn vi artikkelen "FrP
er glad i teater", "Handlingsprogram 2013", og "T". Vi klikkar
på artikkelen "FrP er glad i teater", og vips er vi på Oslo FrP si adresse.
Ikkje noko meir. Hm, velvel, vi går vidare til "Handlingsprogram 2013". Og litt
nytt finn vi her i høve til 2005: I motsetnad til i 2005-programmet vert det offentlege
gjeve eit visst ansvar for tilretteleggjing av kulturtilbodet. Og det blir også vist
velvilje overfor dei gamle trauste kulturbygningane, som husar teaterlivet. Men krav til
eigeninntekter, frivillig innsats og privat finansiering står også her sentralt, og det
blir truleg vanskeleg å grunngje programmering som ikkje er rein underhaldning dersom
kulturstatsråden ein dag kjem frå FrP. Det kan likevel i alle fall sjå ut som om FrP
har sete seg ned bakerst på skulebenken i kulturpolitikken, og det kan nok kallast eit
framsteg. Det er elles truleg ei viss von om at FrP ikkje blir det einaste partiet ved
rattet i ei ny regjering. Men det kan bli stor skilnad på ei regjering med berre Høgre
og FrP og andre konstellasjonar med større sentrumstyngde. Sjølv om KrF og Venstre vil
halde seg for nasen med omsyn til regjeringssamarbeid med FrP kunne det vore interessant
å sjå korleis det pragmatiske, markeringskåte høgrepopulistiske partiet vil handle,
dersom det får ansvar, og ikkje berre kan streife på sidelina og markere på
telefonstolpar. Vi åtvarar likevel teaterfolk mot å røyste på dette partiet, og trur
nok eit blågrønt alternativ, med eller utan FrP, vil vere betydeleg betre for
teaterlivet enn ei blåblå Høgre/FrP-regjering. Eit tips kan her vere å studere
Oslopolitikken, der ulike borgarlege konstellasjonar har blitt prøvd ut i fleire år,
også for teaterlivet. Den personlege medverknaden til Carl I. Hagen har også vore ein
sterk faktor i FrPs framtoning. Lambda-Munch-saka viser også at utan Hagen kan fleire
ting truleg kome annleis og kanhende betre ut.
Terningkast: Vi er rause, og gjev 2.
Høgre: Meir interesserte og prinsipielle
"Norge trenger nye ideer og bedre løsninger" er mottoet på heimesida til
Høgre. Partiet ser ut til å bli sjølve giret i ei ny borgarleg regjering, uansett kven
dei får med seg. Får vi ein ny teaterpolitikk og betre løysingar for teatret? Vi
prøver først knappen "Hva mener Høyre om" og tastar teater. "Beklager,
ingen treff" er svaret på den. Alfabetisk oversikt neste: "Kultur og
kirke" klikker vi. Her finn vi litt: "Maktspredning" og "øke andelen
privat kapital til kulturfeltet", "åpnere tilskuddsordninger",
"nedenfra", "kreativitet", "lokale satsinger" er mellom
stikkorda. Bortsett frå i eit interessant artikkelarkiv med saker frå ulike stader i
landet finn vi ikkje sjølve "teater-ordet". I 2005 skreiv
teaternett.no: "Vage ord og vendinger, en smule velvilje, men få konkrete
løfter. Vi får en bestemt følelse av at Høyre ikke vil stå i bresjen for at staten
tar ansvar for noen vekst i kultur- og teaterpolitikken. Pengene sitter ikke løst".
Det kan vel verke som om tenkninga til Høgre er blitt noko meir prinsipiell, og at
partiet er noko meir interessert. Og kanskje kan frie grupper og lokale krefter gjere seg
nokre voner. Men det blir knapt strødd pengar utover nokon, dersom Høgre får det som
dei vil.
Terningkast: 3
KrF: Glir såvidt over lista
Kultur og teater er nok ikkje eit hovudområde for KrF. Men vi klikkar på
"Politikk" og ser kva vi finn. Vi finn "Kultur", og på den generelle
sida er teater nemnd i varsame vendingar, noko underordna "kristne verdiar",
"kor og korps", og "kulturminner". Dissonansen vi tykte vi kunne merke
i 2005 mellom "kristelig" og "teater" sit framleis i, men vi opplever
nok den reelle viljen til å finansiere eit godt offentleg tilbod som større hos KrF enn
hos Høgre, både på det profesjonelle feltet og for amatørane, for ikkje å snakke om
den viktige kulturskulen. Og KrF viser også vilje til breidde i kulturfeltet. Sett i
høve til den merkbart meir positive innstillinga til internasjonal kontakt vi finn hos
KrF, er nok karakteren 3 litt urettferdig i år. Så vi let KrF såvidt gli over
karakteren 4, og held pusten medan lista gyngar illevarslande. KrF har framleis en jobb å
gjere på teaterfronten. Og det blir spennande å sjå kva slags retning KrF tek etter
valet, då dei kan kome til å få ei nøkkelrolle i eventuell ny regjering. I
hestehandlar med FrP vil KrF trenge meir enn eitt Fadervår. Etter sesongar med
gjennomførte store eksistensielle temaframsyningar på hovedscener som Det Norske Teatret
(Bibelen), er dette kanskje eit felt KrF må ta noko meir på alvor.
Terningkast: 4
Arbeiderpartiet: Ingen eksperiment, men toppen er nådd?
Det er ganske lett å finne fram til "Kulturløftet" på heimesida. Signala her
er ikkje spesielt spektakulære, det går i meir kino og teater til fleire, og styrking av
det etablerte kulturlivet i bystroka. Vi smører vidare, breitt utover brødskiva. I 2005
lova partiet at 1 prosent av statsbudsjettet skal gå til kultur innen 2014. Trass i
finanskrisa har den norske oljepengesekken vore romsleg og god, og ulike kulturstatsrådar
har slentra komfortabelt framover denne budsjettvegen. Statsbudsjetta har stort sett hatt
vekst, og nærmar seg no den lova prosenten. Det siste budsjettet tyder likevel på at
toppen er nådd. Går vi inn i innhaldet ser det ut som partiet ikkje er særleg opptatt
av innovasjon og utprøving, og dei frittståande teatergruppene får lunken støtte.
Nokre i opposisjonen og i fagfeltet har også peika på at støtta frå staten i aukande
grad blir knytt opp mot kontroll og idelologiske målsetjingar på programmering og
innhald. Men heilt klart: Ingen eksperiment. Grått og greit!
Terningkast: 4
Senterpartiet: Utviska profil, men støttar utkantteater?
Det første vi møter på Senterpartiet si heimeside er teksten "Vi sikrer deg
ren, trygg og god mat fra matprodusenter i hele landet". Så spørs det om dette
betyr at partiet også vil sikre oss "kulturell føde" og teater. Som med SV
våga SP i 2005 å profilere seg høgt på kultur. I år er det heller ikkje for SP plass
for slik luksus, enn seie teater. Vi tastar "Politikk", og "SP fra A til
Å". Under Kultur finn vi svært generelle vendingar der teater knapt er nemnt. På
ny eit uttrykk for intern arbeidsdeling mellom dei raudgrøne? På søkeordet
"teater" finn vi lite eller ingenting. Sida framstår som snauare enn hos SV
også når det gjeld Kulturløftet til dei raudgrøne. Når vi også legg til tendensar
til internasjonal isolasjonisme i uttalelsar hos sentrale SP-folk blir det fristande å
gå heilt ned til karakteren 3. Men vi let tvilen og den antatte viljen og teikna til å
støtte kultur- og teaterlivet i distrikta kome SP til gode og set ein syltynn firar.
Terningkast: 4
Venstre: Frie grupper, nyskaping og internasjonalt blikk
Venstre kom godt ut i 2005-gjennomgangen vår. Ikkje så mykje å velje mellom på
knapperekka på nettsida, det vart "Politikk". Det er heller ikkje hjå Venstre
plass til Kultur mellom dei fire store: "Skole, Miljø, Velferd, Verdiskaping".
For etiketten "Verdiskaping" omfattar nok næringslivet i Venstres program, rett
nok med fokus på små og mellomstore bedrifter, der vi veit at vi også finn kultur- og
teaterarbeidarar. Sjøl om små kunstnarbedrifter kan ha godt av forenkling og mindre
skjemavelde, klikkar vi oss over til "Politikken A til Å". Og her, under
"Kultur og informasjon" finn vi knappen "Teater". Klikkar vi her kjem
vi til "Kunst og kunstnere", og vi siterer: "Venstre vil ha et bredt
spekter av teaterinstitusjoner. Etablerte kunstneriske produksjonsmiljøer og
institusjoner, både regionale og nasjonale, skal ha sikre og forutsigbare rammer samtidig
som de frie kunstgruppene får en større andel av den offentlige støtten. Dette
liknar ganske mykje på AP sitt program, skilnaden går først og fremst ut på at Venstre
gjev eit klart signal om at dei frie gruppene skal få ein større andel av støtta. Det
er eit viktig poeng, og profilerer Venste sin teaterpolitikk meir i retning av aktiv
prioritering. Venstre tek også høgd for fleire internasjonale impulsar i sitt program:
Partiet vil "Gi kulturarbeidere som har kunstneriske oppdrag lettere adgang til
visum til Norge". Dette har i fleire år vore eit stort problem for folk som
driv festivalar av ymse slag i landet. I same retning går også fylgjande
programformulering: "Arbeide for at forfulgte akademikere, forskere, forfattere
og kunstnere får opphold og formidlingsmuligheter i Norge". Partiet
signaliserer også meir vilje til nyskaping: "Gi Dramatikkens hus
tilfredsstillende økonomiske vilkår for å sikre nyskrevet norsk dramatikk."
Programmet har framleis noko å hente på konkretisering, men retningen i dette er seriøs
og lovande. Utfordringa blir nok å få med seg samarbeidspartnarar i og utanfor regjering
på dette etter den 9. september. Men: Dei gamle er altså eldst, og snart 130 år gamle
Venstre tronar aleine som vinnar denne gongen.
Terningkast: 5 - VINNAR AV GJENNOMGANGEN
MDG: Livskvalitet for publikum, midt på treet for utøvarane
Miljøpartiet De Grønne har fått stor merksemd i år, og gjer det godt på
meiningsmålingane. Det kan også sjå ut som om mange kulturarbeidarar sluttar opp om
partiet. Hovudårsaken til dette kan sjå ut til å vere miljøengasjementet hos
kulturarbeidarane, som prioriterer eit parti som set nettopp miljøet først. Men korleis
er De grønne sin kulturpolitikk, enn seie teaterpolitikk? På heimesida finn vi knappen
"Politikk" og freistar å navigere oss i veg. Livskvalitet er eit av tre
hovudområde, og det gir i og for seg meirsmak. Kultur og teater er sider av livet som
handlar om tid og møte mellom menneske. Teater og kultur er ikkje nemnt her, men meir
fritid og kortare arbeidstid kan i alle fall for publikum ha innverknad på bruk av
teatertilboda. Det spørs vel likevel om partiet har råd til å gje kulturarbeidarar same
vilkår, altså meir fritid og kortare arbeidstid. Søket på "teater" fører
oss til artikkelen "Et mangfoldig kulturliv". Her liknar De Grønne sin politikk
mykje på politikken til dei raudgrøne med Kulturløftet og litt på Venstre sin. Ein
slags lettfordøyd midt på treet-versjon, som manglar eindel konkretisering, ikkje minst
for teater og det profesjonelle miljøet. Vi saknar det internasjonale perspektivet,
sjølv om nokre formuleringar om film peikar litt utover norskegrensa.
Terningkast: 4
SV: Stiller seg bak AP og kulturløftet, svakare eigenprofil
SV fekk godord av oss i 2005 for å ha hatt ei heimeside som også plasserte kultur
tydeleg i bildet. I år er det visst ikkje rom for slikt. Kultur og teater er heller ikkje
å finne mellom SV sine "Hovedsaker". Vi klikkar vidare på
"Politikken", for å leite etter teater. SV har som kjent site i regjering, men
partiet finn ikkje sjølv grunn til å skryte av noko på teaterområdet i pdf-fila
"SV har levert". Greit nok, AP har halde eit fast grep på Kulturdepartementet,
så dette er kanskje uttrykk for den interne arbeidsdelinga. Men under "SV fra A til
Å" finn vi "Kultur, idrett og ideelle organisasjoner", og klikkar på
underpunktet "Kultur". Her stiller SV seg bak det raudgrønne
"Kulturløftet", og har ikkje noko spesiell eigenmarkering i høve til dette. Vi
finn ingenting om frie grupper, og heller ikkje om internasjonal orientering. Sett i høve
til næringspolitikken til SV, som heller ikkje tek større tak i småverksemder, har SV
ein lågare profil i høve til det som er kvardagen for scenekunstnarar i Noreg. Ingen
løfte om lette i byråkrati eller skjema, eller særskilte satsingsområde.
Terningkast: 4
Relaterte linkar:
Valg 2005: Teater ikke tema i
valgkampen teaternett.no. 5. september 2005
Toppen er nådd
teaternett.no, 22. oktober 2012
Venstre
SV
Senterpartiet
Arbeiderpartiet
KrF
MDG
Høgre
FRP
NYHETER MELDINGER
Teaternett formidler nyheter fra norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være
oppdatert! Skjer det noe der du er - send oss et tips! Vår epostadresse: teaternett@teaternett.no |
|
|