|
|
|
|
Siste FLØRT frå Tajik
10 489 millionar til kultur, 1969 millionar til teater. Sjå litt på desse tala. For det
er denne ramma som den nye Solbergregjeringa vil bli målt mot, i første omgang. Dersom
ikkje ramma blir like stor eller større enn dette, kan dei blåblå vente seg bråk frå
første stund. I Bergen er det jubel for påplussing med 6,7 millionar, og kutta frå
Bergensdame Solberg kjem knapt her. Snikande, men sikkert siglar større
vedlikehaldsoppgåver opp i norsk teater: DNS, Nationaltheatret og Rogaland Teater er
berre i startgropene for tunge prosjekt. Det blir interessant å sjå om FrP sin omsut for
kulturbygga kjem til uttrykk i anna enn programformuleringar. Nord-Trøndelag Teater får
30 prosent auke, og Det Norske Teatret ser ut til å forsvare plassen sin. Det blir mindre
til fri dans. Frigruppene held fram i skuggelandet, som Evrydike i Hades.
Den raudgrøne regjeringa tar ikkje steget fullt ut i høve til si eiga målsetjing om 1
prosent til kulturføremål. Tajik har fått 0,94 prosent av dei
svimlande 1114 milliardane som er budsjettet Stoltenberg-regjeringa
tykkjer staten kan bruke
|
Statsråd Tajik legg
fram sitt siste budsjett, med ein elegant liten piruett til norsk kulturliv. Foto:
WikiCommons. |
Siste budsjett: Mange kulturarbeidarar støtta dei raudgrøne ope før
stortingsvalet. Men heller ikkje denne gongen bikkar scenkunstfeltet den magiske 2
milliard-grensa i budsjettet frå Tajiks hand.
|
i året for Grunnlovsjubileet.
Teater: 230 kroner. Forsvar: 5019 kroner
For kvar 1000-lapp vi skal betale i skatt for 2014, er planen at det skal
gå ei krone og 77 øre til scenekunstformål. Ligg du til dømes på ei
nettoinntekt på rundt 350 000 kroner og utrekna skatt er på omlag 130 000 kr
betaler du altså rundt 230 kroner i året til scenekunst over
skatteseddelen. Den same personen vil til samanlikning betale 5019 kroner
til forsvarsføremål. Med andre ord går det drygt 20 gongar meir til
forsvar enn til scenekunst i Noreg. Om det er dyrt med forsvar eller billeg med teater
får kvar gjere opp med seg. I tillegg kjem sjølvsagt at du må betale også for den
einskilde billetten til teaterframsyningar.
Moderniseringsoppgåver
577 millionar går til Den Norske Opera og Ballett etter ei påplussing på 19,5
millionar. Det utgjer 3,5 prosent, og tilsvarar nokonlunde det ein kan
forvente som pris- og lønnsstigninga. Framleis er Operaen utan samanlikning det største
statsfinansierte kulturføretaket i landet med sine 640 tilsette, og tek
meir av kaka enn Nationaltheatret, Det Norske Teatret og Den Nationale Scene tilsaman.
Nationaltheatret står framfor store moderniseringsoppgåver, noko som også er
grunngjevinga for auken på 8 millionar (4,5 prosent)
til 181 millionar. Rogaland Teater i Stavanger skal få seg ny scenerigg,
og det gjev seg utslag i ein auke på 2,9 millionar (5,5 prosent)
til 55,4 millionar. I ei pressemelding gjev teatret uttrykk for stor
glede over dette:
- Vi er glade for at den rødgrønne regjeringen har sett vårt behov for å skifte ut
vår manuelle scenerigg på Hovedscenen. Dette vil gi oss nye kunstneriske muligheter og
bedre fysiske arbeidsbetingelser for vårt scenetekniske personale. Vi har tillit til at
den nye regjeringen vil videreføre disse midlene i sitt statsbudsjett, seier
konstituert direktør Asle Wettergreen i pressemeldinga frå Rogaland Teater.
Med 5,4 prosent auke og 160 millionar på budsjettet kan
Det Norske Teatret gå nokonlunde makeleg vidare, også etter språk- og jubileumsåret.
Ein sterk stortingsvalvind frå Vestlandet i år har knapt svekka posisjonen til dette
teatret. Og i referanseåret 2012, hamna teatret på ein andreplass med omsyn til
publikumssbesøk (220 791 besøk), eit hestehovud framfor
Nationaltheatret, og godt over gjennomsnittet for dei siste fire åra. Det Norske Teatret
hadde også suverent flest framsyningar i 2012, med heile 1111
einskildframsyningar.
Nytt konsept for DNS
Årets nykommar i teaterbudsjettet sin andredivisjon, "Adecco-ligaen" om du vil,
er Brageteatret i Drammen og Buskerud. Teateret byrja som ei profesjonell
frigruppe i 2000 og har systematisk utvikla seg, slik at det no er blitt tatt inn på
lista over regionteater-/landsdelinstitusjonar. Som følgje av alfabetet tronar dette
teatret øverst på denne lista, sjølv om stønadssummen er meir smålåten, 12,7
millionar. Føresetnaden her er også støtte frå Buskerud Fylkeskommune.
Teatersjef Agnete Haaland ved Den Nationale Scene i Bergen fekk gode tall
i budsjettet. Om det er fordi teatersjefen gjekk klart ut med stønad til den raudgrøne
regjeringa skal vere usagt. I alle høve blir det ein auke på 6,7 millionar
(eller 6,3 prosent, mot 3,1 prosent i fjor).
Budsjettframlegget er grunngjeve med behovet for konseptvalutgreiing, slik at
Bergensteatret kan bli oppgradert og kanskje utvida. To millionar skal brukast til dette,
noko må skje med det gamle bygget og DNS får også ein million til
ekstra vedlikehald.
Det går elles mykje i det jamne, med små forsiktige påplussingar. Mellom dei små
framstår Nord-Trøndelag Teater som ein av vinnarane, sett med prosent:
Heile 31 prosent ligg det i auken opp til 13,9 millionar,
som vert grunngjeve med kunstnarleg verksemd. Mellom distriktsoperaverksemdene er det
Opera Østfold som får størst auke, med 507 000 kr.
Ingen fri scenerevolusjon
Nokon revolusjon i frigruppe-Noreg får vi heller ikkje dette året, frå dei raudgrøne.
Seigpininga held fram, for nyutdanna teater- og dansefolk med sterke ambisjonar og lite
pengar. Tilskotsordninga for fri scenisk dansekunst får på krona like mykje i år som i
fjor, altså ein de facto reduksjon, talet er og blir 21,7
millionar. Medan den frie teaterkunsten får ei lita påplussing på dryge 4
millionar. Og då mest til å styrke basisfinansieringa for dei
gruppene som har klora seg fast tidlegare. Tilsaman 53 millionar til frie
teatergrupper. Her er et felt der ei nytenkjande og liberal regjering kanskje kunne ha
noko å hente, for ein relativt billeg penge, trass alt. Tjue-tretti millionar eller så
til frie, statsuavhengige grupper ville truleg gjeve ei kreativ
vitaminsprøyte til den delen av norsk teaterliv som tenkjer nytt og freistar seg
med litt eksperiment. Takksemda vil truleg også vere større her enn hjå dei blaserte
institusjonsteatra.
Panikk for FrP
Kva vert så lagnaden til dette budsjettframlegget? I møte med eit slagferdig kulturliv
med panikk for alt som smakar av Frp må Solberg og kompani bestemme seg for om dei vil ha
skal ha kulturlivet til ven eller fiende. Så mykje panikk hadde store delar av
kulturlivet at dei fleste la alle egga i ei korg og oppmoda folk til å røyste på dei
raudgrøne før valet, uansett.
Toppen er nådd, skreiv Teaternett om Tajiks budsjett som vart lagt fram i fjor. No har
kulturstatsråden henta fram nokre millionar ekstra, for å veifte med reverova i ein
siste piruett før nye kostar tek over.
Thorhild Widvey fra Høgre vert den som skal ta over etter Tajik. Med den
vesle sensasjonen, at Knut Olav Åmås forlet kommentarlosjen og vert
utøvande politikar, som statssekretær i Kulturdepartementet. Nokre har også peika ut
Åmås som den reelle makthavaren i dette departementet, sidan Widvey har mesteparten av
røynsla si frå oljesektoren. Meir truleg vil han heller verte ein viktig kontaktskapar
og kunnskapsleverandør inn i dei prosessane som dette departementet skal ta tak i.
Uansett kva slags smarte grep desse to får til, vil dei i teaterlivet truleg bli dømt
etter si evne til å få ut hard valuta frå Siv Jensens "Mausoleum",
Finansdepartementet.
(Saka er oppdatert)
NYHETER MELDINGER
Teaternett formidler nyheter fra norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være
oppdatert! Skjer det noe der du er - send oss et tips! Vår epostadresse: teaternett@teaternett.no
|
|
|