|
|
 |
 |
Fedra på VALENTINE
Fredag 14. februar har Det Norske Teatret premiere på ein klassikar som er sjelden på
våre kantar. Jean Racine
var kanskje den franske gullalderen sin fremste tragedieskapar. Skodespelet Fedra
frå 1677 er eit av dei få verka som har halde seg frå denne perioden, også
internasjonalt. For andre gong set Det Norske Teatret opp dette stykket. Og det er Halldis
Moren Vesaas si omsetjing som ligg til grunn denne gongen, som i 1960. Det meste er
likevel truleg ulikt - sjølv om temaet er det same: Umogleg kjærleik og sterke kjensler.
Skodespelet Fedra byggjer på myten om den greske dronninga som vart vilt
forelska i stesonen sin, Hippolytos. Ryktet når henne om at mannen
hennar,

|
Illustrasjon:
WikiCommons |
Sterke kjensler: Slik såg den franske malaren Alexandre Cabanel (18231889)
føre seg dronning Fedra (Phèdre) frå den antikke
greske myteverda. Maleriet er frå 1880. Fedra sin kjærleik til stesonen Hippolytos
får fatale følgjer for henne sjølv og hennar nærmaste.
|
Tesevs, er død. Ho vågar seg då til å
fortelje Hippolytos om kjærleiken sin til han. Men stesonen er løynleg kjær i prinsessa
Aricia, og han avviser Fedra. Det viser seg så at Tesevs er i live, og
bodskapen om dette er vendepunktet i dramaet. Då Tesevs kjem heim skuldar Fedra
Hippolytos for å ha freista å valdta henne. Fedra er frå seg av hemnlyst på
Hippolytos. Ho er også svartsjuk på Aricia som han elskar. Sjølv om Hippolytos nektar
for overgrepet, trur Tesevs han ikkje. Han sender sonen i utlegd, og får også havguden Neptun
til å ta livet av Hippolytos. Aricia får Tesevs til å tvile på at Hippolytos er
skuldig. Fedra innrømmer til slutt alt, og tek livet av seg med gift. Tesevs forsonar seg
med Aricia og adopterer henne som dottera si. Med i intrigene har også fleire fortrulege
tenarar ein viktig plass: Ismene til Aricia, Teramenes
til Hippolytos og Oinone til Fedra. Under oppklaringa medverkar Oinone
særskilt, og tek også livet av seg.
Skandalar og sterke kjensler
Det er lett å forstå at ei slik voldsom intrige og slike sterke kjensler fascinerte og
fenga ved det skandalehungrige franske hoffet til Ludvig den fjortande. Det var ei tid
utan vår tids kolossale tilgang på medieskapte historier. Forteljinga om Fedra har også
inspirert mange andre kunstnarar. Men Jean Racine sin versjon på aleksandrinsk versemål
har fått ein særskilt plass, ikkje minst på teaterscenene verda over.
Premieren var 1. januar 1677 i Hôtel de
Bourgogne. Det gjekk ikkje friksjonsfritt for seg. Vener til ein annan fransk
tragedieskapar, Pierre Corneille, under
leiing av hertuginna av Bouillon, laga intriger. Dei fekk ei anna teatergruppe til å
framføre eit stykke av ein annan dramatikar, Nicolas Pradon, på omtrent same tema!
Hertuginna av Bouillon var ein av dei namngjetne Mancini-systrene. Dei var nieser til den
legendariske italienskætta kardinal Giulio Raimondo Mazzarino. Jules Mazarin
vart han kalla på fransk, kong Ludvig den fjortande sin statsminister.
Maktpolitisk genistrek
Gjertrud Jynge (47) spelar tittelrolla i Det Norske Teatret si oppsetjing.
- Eigentleg meiner eg at det at Fedra forelskar seg i Hippolytos, ikkje er så ille i seg
sjølv, seier skodespelaren til Det Norske Teatret sitt magasin, Bakteppet.
- Det er ikkje noko biologisk slektskap mellom dei, og reint maktpolitisk ville eit
ekteskap mellom dei to ha vore ein genistrek. Rett nok ville eit kjærleiksforhold mellom
Fedra og Hippolytos ha vore eit svik mot Tesevs, men føresetnaden for at Fedra i det
heile begynner å drøyme om å gjere noko med dei forbodne kjenslene sine, er at ho trur
Tesevs er død. Dessutan har Tesevs sjøl hatt eit utal damer, han har til og med hatt seg
med Ariadne, søstera til Fedra.
Den norske skodespelaren tvilar på at det fins eit menneske frå røyndomen med ein
lagnad som kan måle seg med Fedra sin.
- Men Lady Di, Grace Kelly og Jackie Kennedy
har noko Fedra-aktig over seg. Dei manglar det overjordiske, men dei kompenserer med alle
rykta som har oppstått i kjølvatnet av tragediane sine, seier Jynge. Ho gler seg også
til å spele mot Jorunn Kjeldsby. Kjeldsby spelar terna til Fedra, Oinone,
og har si siste framsyning ved teatret med Fedra.
Regissør for framsyninga er Sigrid Strøm Reibo. Med seg har ho
koreograf Oleg Glushkov, som scenograf og kostymedesignar Olav Myrtvedt, komponist er
Alexander Manotskov, dramaturg er Ingrid Weme Nilsen og lysdesignet er ved Torkel
Skjærven.
Relatert link:
Fedra
Det Norske Teatret.
NYHETER MELDINGER
Teaternett formidler nyheter fra norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være
oppdatert! Skjer det noe der du er - send oss et tips! Vår epostadresse: teaternett@teaternett.no |
|
|