AKTUELT / Nyheter
(annonse)

Denne side oppdatert
8. oktober 2014

HOVEDSIDE
Om Teaternett
AKTUELT
Nyheter
Meldinger
I mediebildet
Artikler

Arkiv
SØK



Budsjett i BLÅTT

Det er grunn til å gå grundig gjennom kulturbudsjettet 2015 for norske kulturinstitusjonar. Auken til reine kulturformål er på 1,1 prosent, i eit budsjett der den norske kyrkja får den største veksten på 6,5 prosent. Det kan bety ein reell tilbakegang for kulturformåla, sidan 1,1 prosent er rundt tredjeparten som truleg er naudsynt for å halde tritt med auken i lønskostnadene som Finansdepartementet reknar med. For kulturfeltet er også pensjonskostnadene ei tikkande bombe, som kan gjere 2015-budsjettet stramt nok.



12,5 milliardar er totalramma for Kulturdepartementet, i statsbudsjettet for 2015. Frå ifjor betyr det ein vekst på 2,1 prosent. Dette er omlag ein tredel av veksten for heile budsjettet, altså kulturfeltet veks mindre enn resten av økonomien.

Bikkar 2 milliardar til scenekunst
Svimlande 1199 milliardar kroner er elles den største totalramma det norske statsbudsjettet har hatt nokon gong. Talet betyr 7,4 prosent auke totalt frå i fjor. Scenekunstformål har bikka 2 milliardar, 2042 millionar skal altså i 2015 gå til teaterfeltet i Noreg. Her er det ingen revolusjon, det betyr ein vekst på 3,6 prosent, og vil mellom truleg dekke inn prognosa for lønsveksten.

Høgre og Tante Sofie
Det første reine blå kulturbudsjettet er klart, og spenninga i kulturfeltet er utløyst. Det er rimeleg opplagt å tru at kulturområdet er ein av dei stadane der avtalepartnarne i sentrum vil kreve å få sine avtrykk på budsjettet. FrP har i alle fall vore heilt andre stader enn i Kulturdepartementet, må det vere lov å anta. Dette er litt stram Høgrepolitikk a la Tante Sofie frå A til Å.

Også i år er det dei fire store som stikk avgarde med drygt halvparten av scenekunstløyvingane. Den Norske Opera og Ballett får 589 millionar, det er opp 2,2 frå i fjor. Dette er nok til å rynke bryna av, ifjor fekk sceneflaggskipet i Noreg 3,5 prosent vekst. Ser vi på løns- og pensjonskostnadene til Operaen kan dette fort bli ein reduksjon, som kan bli vanskeleg å hente inn. Nationaltheatret kjem noko betre ut, 187,9 millionar betyr ein vekst på rundt 3,3 prosent i høve til ifjor. Det skal ikkje forundre nokon om denne smålåtne veksten likevel er tiltenkt store oppgåver: I å få framgang i prosjektering av det store vedlikehaldsprogrammet til National. Det Norske teatret er på same nivå som Operaen, 163,7 millionar og ein vekst på rundt 2,1 prosent.

Ingen Bergensfaktor
Og i statsministerbyen Bergen er det ingen spor etter ekstragratialer: 2,1 prosent også her til Den Nationale Scene, med ei totalløyving på 115,2 millionar.

Relaterte linkar:
Eit kulturbudsjett med tydelege prioriteringar Av Kulturdepartementet. regjeringen.no 8. oktober 2014
Pressemeldinger Av Kulturdepartementet. regjeringen.no 8. november 2013
Siste flørt frå Tajik Teaternett 18. oktober 2013
- Eksoljeminister overtar Kulturdepartementet av Laila Ø. Bakken. nrk.no 14. oktober 2013
Prop. 1 S (2013–2014) Proposisjon til Stortinget (forslag til stortingsvedtak) FOR BUDSJETTÅRET 2014 Utgiftskapitler: 300–339 Av Kulturdepartementet. regjeringen.no 27. september 2013
Toppen er nådd Teaternett 27. oktober 2012
Mye for penga av Inger Merete Hobbelstad. dagbladet.no18. oktober 2012
Sju magre for tur? Teaternett 17. oktober 2011
Utflating for scenekunst Teaternett 5. oktober 2010
Veksten held fram Teaternett 21. oktober 2009
Satsing på barn og unge Teaternett 17. oktober 2009
440 millionar til Operaen Teaternett 9. oktober 2009
Krisetiltak i Operaen Teaternett 8. oktober 2008
10,7 % auke - mest til opera Teaternett 7. oktober 2008
Ansettelsesstopp i Operaen Av John Harbo og Ann Christiansen. Aftenposten 8. oktober 2008
Kulturbudsjettet øker med ti prosent Av John Harbo og Ann Christiansen. Aftenposten 7. oktober 2008
Festspillene får mer Av Heidi Torkildson Ryste. Bergens Tidende 7. oktober 2008
Musikk-teatret inn i TSO Av Kjersti Nipen og Kai Kristiansen. Adressa 7. oktober 2008
Disse kaster Giske penger etter Av Marie L. Kleve. Dagbladet 7. oktober 2008
Dansen rundt Gull-Giske Av Jonas Brække. Dagsavisen 7. oktober 2008
83 millioner mer til teater Kulturdepartementet 7. oktober 2008
40 millioner kroner i økning til Den Norske Opera & Ballett Kulturdepartementet 7. oktober 2008



NYHETER  MELDINGER


Teaternett formidler nyheter fra norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være oppdatert! Skjer det noe der du er - send oss et tips! Vår epostadresse:  teaternett@teaternett.no