|
|
 |
 |
Til himmels med BITCOINS?
"Vires in numeris" er den latinske setninga som pryder den store mynten i bildet
på artikkelen i The Guardian 1. november i år. Det tyder vel noko slikt som
"Styrken i tala". Amerikanske Austin Craig og Beccy Bingham poserer ved modellen
av den digitale valutaen, "bitcoin", etter at dei har vore på ei nokså
spesiell bryllupsreise. Paret frå Provo i Utah, USA, ville freiste om det var mogleg å
reise jorda rundt og klare seg berre med den digitale valutaen. Eventyret starta i juli:
Då var 1 Bitcoin (BTC) verd omlag 80 US-dollar. I oktober, 100 dagar seinare, var det
moderne Phileas Fogg-eksperimentet gjennomført. Då var ein BTC verd rundt 150 US-dollar.
Verdien rundt 1. desember: Rundt 1000 US-dollar, eller 6500 kroner. - Det fell utanfor
finansreguleringane, seier det norske Finanstilsynet. Den kinesiske sentralbanken held eit
vaktsamt auge på bitcoins og åtvarar brukarene: Valutaen har inga verkeleg meining og
manglar vern i lovverket. SISTE: Bitcoin-kursen vart redusert
nesten til det halve etter dei sterke signala frå den kinesiske sentralbanken. Verdien
svingar no voldsomt: I dag ligg verdien på mellom 500 og 700 USD. Akkurat no er den
virtuelle valutaen inne i ei boble, men ligg likevel skyhøgt over alle nivå tidlegare i
år. Vil bitcoinen nokon gong stabilisere seg? Når, og på kva slags nivå?
Og i Wales står det ein kar som heiter James Howells og klør seg i
hovudet. I sommar rydda han opp på den gamle pc-en sin, mellom anna fann han ein harddisk
som han kasta i søppelbøtta. Harddisken gjekk den tunge gang til

|
Illustrasjon:
Wikicommons |
Hyperinflasjon: Tapetsering med 1-marksetlar i Tyskland 1923. Inflasjonen
gjekk så langt at det var billegare å bruke 1-marksetlar enn tapet til
å kle veggane med. Dersom bitcoins smuldrar opp vil du ikkje eingong kunne bruke den
digitale valutaen til dette. Wikipedia.
|
fyllinga i Docksway ved Newport. Sist fredag fann Howells ut at det faktisk
låg 7500 bitcoins på harddisken. Verdi i dag: Omlag 4 millionar
pund. Ingen veg utanom, på med Indiana Jones-hatt og byrje å grave? Briten veit
ikkje heilt om han skal le eller gråte. Kva er det som skjer - er vi vitne til ein ny
fase i den digitale revolusjonen, no i finanssystemet? Eller er det berre på gang ei ny spekulasjonsboble,
som snart skal sprekke og bli borte? Skeptikarane er mange, men valutaen har sitt
publikum, held stand og veks.
Noreg har ikkje kontroll
I Noreg stadfestar Finanstilsynet at dei ikkje har kontroll med bitcoins.
- Dei fell på det noverande tidspunkt ikkje innanfor det gjeldande norske
finansregulatoriske regelverket, seier kommunikasjonsrådgivar Jo Singstad til Nettavisen.
Han understrekar at kvitvasking av pengar er straffbart, uansett.
I april i år fekk dåverande finansminister Sigbjørn Johnsen spørsmål om bitcoins frå
stortingsrepresentant Ketil Solvik-Olsen. Etter ei lengre utgreiing konkluderer Johnsen
med at det er vanskeleg å gjere noko som helst med dette systemet:
- Ei utfordring er at systemet er desentralisert, skriv Johnsen i svaret sitt til
Solvik-Olsen.
Saka har vakse såpass at mandag 18. november hadde det amerikanske Senatet
ei høyring om bitcoin-fenomenet, melder The Guardian. Sjølv etter den
store finanskrisa i 2008 er den amerikanske økonomien den største i
verda. Så dei økonomiske vala som amerikanarane gjer påverkar heile kloden.
Høyringa hadde tittelen: Bortanfor Silk Road: Moglege risikoar, trugsmål og
utsiktar ved virtuelle valutaer. ("Beyond Silk Road: Potential Risks,
Threats and Promises of Virtual Currencies"). Silk Road var ein
nettstad for omsetjing av narkotika gjennom bruk av nettopp bitcoins (BTC). Den digitale
valutaen gjorde det mogleg å gjennomføre handlar og lysskye transaksjonar anonymt. Dei
amerikanske styresmaktene slo til mot driftarane av Silk Road, som no er fengsla, mellom
anna tiltala for drapstrugsmål. Kriminalitet er ikkje nytt i denne verda. Men det
oppsiktsvekkjande var at bitcoins ikkje fall i kurs slik mange spådde,
etter at Silk Road vart stengd. Den siste tida har den digitale valutaen stige voldsomt i
kurs.
Før høyringa uttalte assisterande generaladvokat i det amerikanske Justisdepartementet Mythili
Raman at virtuelle valutaer tilbyr legitime finanstenester og
har potensiale til å utvikle ein meir effektiv global handel. I skuggen
av ein bitcoin-kurs i nærmast loddrett vekst oppover påpeika ho samstundes at nokre
sider ved dei virtuelle valutaene har appell til kriminelle og er eit vertskap for nye
utfordringer til lovverket.
Ny teknologisk revolusjon?
Det amerikanarane må ta på alvor, skal vi tru The Guardian, er at USA står i fare for
å miste forspranget i det som kan bli den neste store teknologiske revolusjonen. Dersom
då ikkje landet finn ein høveleg og smidig måte å regulere bitcoin på. Sjølv om
bitcoin allereie er eit internasjonalt fenomen så er det USA som har stått i sentrum av
utviklinga for denne digitale valutaen så langt. Den mest framståande bitcoin-utviklaren
Gavin Andresen er amerikanar, og namn vert strødd ut som Silicon Valley,
Facebook, Twitter, PayPal, Coinbase, Bitpay og investor Peter Thiel.
No held tyngdepunktet i bitcoin-omsetnaden på å flytte seg til Kina. BTC China
har nettopp blitt den største bitcoin-meklaren i verda og står for 35 prosent av all
handel med bitcoins. Hovudkvarteret til Bitcoinstiftinga (Bitcoin Foundation)
vurderer å flytte ut av USA, og bitcoin-gründarar byrjar å unngå USA. Skal vi tru
Guardian har den kinesiske sentralbanken no løfta blikket, og åtvarar mot bitcoins. Men
foreløpig er det ingen teikn til at Kina vil lage eit forbod mot valutaen. Mange nyrike
kinesarar byttar inn sine yuan med bitcoins, for så å veksle dei vidare i dollar,
utanfor styresmaktene sin kontroll. Det at det er så enkelt å flytte valuta over
landegrensene er eit av fortrinna som bitcoins har.
Minibank i Canada, og i Sverige?
Eit praktisk døme er at den første og så langt einaste minibanken for
kontant kjøp og sal av bitcoins er i Vancouver i Canada. Den lokale
forhandlaren som driftar minibanken seier til The Guardian at han vil opne fire nye
automatar over heile Canada i desember. Det blir hevda at Canada er ein ideell stad å
lansere kiosken, på grunn av den stor mengda brukarar og eit mindre strengt
kontrollregime enn i USA.
Jordan Kelley er sjef for firmaet som konstruerte minibanken, Robocoin i Las
Vegas. Han er rimeleg optimistisk, skal vi tru The Guardian: - Vi trur at
Vancouvermarknaden er enorm, og vi er glade for å vere her. Ved utgangen av 2013 kjem vi
til å vere over heile Canada. Mot slutten av 2014 vil vi vere over heile verda,
inkludert USA, seier han til den britiske avisa.
Nabolandet vårt i aust kan også kome på bitcoin-kartet, skal vi tru Dagens Nyheter.
- Kul greie, men eg tenker også at no er det nokså vanskeleg å få tak i bitcoins. Då
kan nettopp ein bitcoinsautomat vere noko som hjelper til med det, slik at ein lett kan
kjøpe bitcoins med hjelp av kontantar, seier den svenske initiativtakaren Ludvig
Öberg till Sveriges radio. Han har vore interessert i bitcoins sidan han var 17
år, og vil no kjøpe ein bitcoinsautomat som han ynskjer å plassere i Stockholm.
Nokre seier at bitcoin er på det stadiet der epost var i 1992. Og sidan den tid har både
epost og internett utvikla seg litt.
Nordmann fekk fem millionar
I Noreg er Bitcoins Norge As ein av aktørane for bitcoins-omsetjing. Og
Noreg hamna brått i sentrum av bitcoin-soga: Ein norsk datastudent hadde tidleg i
utviklinga kjøpt bitcoins for nokre hundrelappar i fagleg interesse. Han gløymte av
heile greia, og oppdaga nyleg at bitcoins-beløpet hans var verd fem millionar norske
kroner. Denne soga går no jorda rundt. Ein amerikanar hadde mindre hell: I 2009 betalte
han to pizzaer med 10 000 bitcoins. Idag ville dei digitale myntane hatt ein verdi på
nærmare 40 millionar kroner.
Frå byttehandel til pengeøkonomi
Og kva i all verda er så eigentleg dette fenomenet "bitcoin"? For dei fleste er
det nok all mogleg grunn til å klø seg i hovudet. Men det er då sanneleg også grunn
til å undre seg litt over pengar og finanssystem generelt. Bitcoin er strengt tatt ikkje
så veldig forskjellig frå det som grekarane fann opp i Middelhavet, rundt
600-700 før Kristus, nemleg myntar og pengar.
Kva gjorde så grekarane? Utgangspunktet for handelen var byttehandel, der

|
Illustrasjon:
Wikicommons |
Mynt av elektrum (legering av gull og sølv) frå Lydia,
640 f.Kr. Primitive metallbitar hadde vore nytta som byttemiddel også før dette, men
dette er dei første myntane vi kjenner til som vart garantert for av ein
utstedar. Dei første papirsetlane kom i Kina rundt midten av 1300-talet
under Ming-dynastiet. Idag er Kina mellom dei fremste i bruken av
bitcoins. Wikipedia.
|
eigarar av ulike varer bytter med kvarandre. Til dømes to tønner
korn mot ei tønne vin. Eller ein fin kjole mot ein plog. Når
handelen blir meir omfattande blir det behov for forenkling. Det er ikkje
sikkert at vinseljaren treng akkurat to tønner korn. Han treng kanskje eigentlig møblar,
og møbelseljaren bur ein heilt annan stad enn kornselgaren. Sidan det er tungvint å
bytte vin mot korn, for så å frakte kornet ein annan stad for å kjøpe møblar, blir
ein samde om å lage noko som kan representere verdiane, og som er lett
å flytte på. Og her er det pengane kjem inn. Heilt avgjerande for at dette skal fungere
er at dei som handlar med kvarandre er samde om verdien på
byttemiddelet, og har tillit til kvarandre. Men når det er på plass er
det ingen grenser for korleis dette kan utvikle seg.
I første omgang hadde myntane gjerne ein viss eigenverdi, i form av gull, sølv eller
kopar. Etterkvart vart verdien på myntane og seinare setlane garantert av styresmaktene.
Pengar utan eigenverdi vert kalla fiat-valuta. Korleis er det så i dag?
Jau, som vi alle veit så drar vi eit kort, og dermed brukar vi av ein "konto".
Går du inn på Wikipedia i dag finn du følgjande forklaring knytt til omgrepet
"pengar": "Pengane i verda består først og fremst av bokførte tal
som vert flytta mellom finansielle datamaskiner." Som så mykje i vår tid er
pengar blitt noko som vi møter og handsamar inne i datamaskiner, lesebrett og
mobiltelefonar. Og alle som er vande med ulike spel på internett eller
datamaskiner vil kjenne att systemet med ein eller annan form for "verdieining"
eller "liksompengar", enten det er, strategispel,
World of Warcraft, Minecraft eller Runescape.
Eller som i brettspelet Monopol, for den saks skuld.
Valuta utan statleg garanti
Bitcoin er slik sett eigentleg det same: Det er eit tall i ei datamaskin, eller rettare i
eit enormt nettverk av datamaskiner (internett faktisk!) som representerer ein verdi,
eller ei kjøpekraft. Men det er viktige skilnader mellom bitcoin og
andre valutaer idag. Mellom anna står det ingen stat eller sentralbank bak valutaen. Den
fins i utgangspunktet berre på internett og er ikkje bunden av nasjonale grenser. Nokre
har kalla bitcoins for valutaene sitt svar på esperanto.
Kvar brukar har ei varierande, opparbeidd mengde bitcoins, eller "tal" på ein
konto. Konto- og overføringssystemet byggjer på ei programvare som er fritt
tilgjengeleg for alle, og som knyter brukarane saman i eit nettverk. I dette
nettverket kan bitcoins overførast direkte mellom brukarane. Dette skjer basert i
såkalla peer to peer-nettverk eller "brygge til
brygge-nettverk" på godt norsk. Brygga kan vere ei datamaskin, eit lesebrett eller
ein smarttelefon, eller ein profil i "internettskya". Overføringa kan gjerast
utan mellomledd i form av bankar eller andre avgrensingar. Eit døme: Dersom du vil betale
ein øl i ein pub som aksepterer bitcoin scannar du berre smarttelefonen din gjennom ein QR-kode
til lesaren i kassa, og vips så har ei viss mengde bitcoins bytta eigar.
Korleis blir bitcoins laga? Det er eit viktig punkt. Skal ei pengemengde ikkje falle i
verdi, må den ikkje produserast ukontrollert. Det klassiske dømet på kor gale dette kan
gå er Tyskland i mellomkrigstida, der styresmaktene trykte pengar utan
grenser. Det enda med at ein måtte bruke trillebår for å få med seg pengane til å
kjøpe melk og brød i butikken, fordi pengane fall dramatisk i verdi.
Gruvedrift med datakraft
Bitcoins er desentralisert, det fins ingen sentral styring av pengemengda. Og her kjem vi
til den verkeleg supernerdete delen. Den eller dei som etablerte bitcoins-programvara har
laga eit krypteringssystem som gjer at det berre kan bli ei viss mengde Bitcoins totalt i
systemet, 21 millionar for å vere heilt nøyaktig. Idag sirkulerer det
omlag 11 millionar bitcoins i systemet.
Pengane blir laga gjennom såkalla gruvedrift ("mining"), der
matematiske koder må knekkast for kvar bitcoin. For å løyse koden må det nyttast stor
datakraft, som systematisk og veldig raskt går gjennom alle tenkelege løysingar
for å finne den matematiske koden. Dette er slik innretta at koden blir vanskelegare og
vanskelegare for kvar bitcoins som vert laga, og meir og meir datakraft og datatid må
nyttast for å lage bitcoin. På denne måten misser ikkje valutaen verdi, snarare det
motsette. Alle transaksjonane vert lagra og godkjende i nettverket, slik at berre eigaren
av bitcoin-en kan bruke den, og at ingen kan bruke same mengda bitcoins fleire gonger.
Dess fleire som aksepterer og bruker valutaen dess høgare blir verdien. Dette er det teke
høgde for i programvara, slik at ein Bitcoin kan ha heile åtte desimalar, ikkje berre to
som til dømes den norske krona. Bitcoin har også "øre": 1 bitcoin består av 100
000 000 "satoshi" Namnet viser til pseudonymet Satoshi Nakamoto,
den myteomspunne grunnleggjaren av bitcoin. Vi veit ikkje om det står ein mann, ei kvinne
eller ei gruppe bak pseudonymet.
Verdiauken hemmar bruken
For tida aukar verdien på Bitcoin så mykje på kort tid at det avgrensar bruksverdien.
Paradoksalt nok er det brukarstadene, dei som aksepterer Bitcoin som
betalingsmiddel, som vil tene på verdiauken: Dersom nokon betalar ølen i ein
bar med bitcoin vil baren ha aukande forteneste på sal av denne ølen, fordi bitcoin stig
i verdi. Motsett vil kunden vegre seg mot å bruke bitcoins i dag når ho veit at vil
kunne få meir for den i morgon. Altså det motsette problemet som var i Tyskland i
mellomkrigstida, ikkje inflasjon, men ein deflasjon, som altså delvis er
bygd inn i designet for valutaen.
Til verdsrommet med bitcoins
Mellom dei siste som har flagga sin fascinasjon og si interesse for bitcoins er den
engelske forretningsmagnaten Richard Branson, som leier et internasjonalt
forretningsimperium på over 400 ulike selskap. Mellom selskapa er det såkalla Virgin
Galactic.
No kan romfartsentusiastar kjøpe billett til romferder med Virgin Galactic, og betale med
bitcoins. Det var nettopp det ein kvinneleg framtidig romfarar frå
Hawaii gjorde fredag 22. november, ifylgje Branson i ein bloggpost for selskapet sitt,
skal vi tru The Guardian.
- Alle våre framtidige astronautar er pionerar på sitt vis, og dette er endå ein ny
måte å tenkje framover på, skreiv Branson i bloggen sin.
Skal du ta deg ein tur med Virgin Galactic kostar billetten 250 000 amerikanske
dollar, og den siste veka har bitcoin passert ein pris på 700 USD
pr stykke, ja kursen har vore heilt oppe på 900 USD. Romfartsbilletten vert ifylgje
Branson umiddelbart konvertert til dollar, i tilfelle astronauten skulle ombestemme seg,
og vil ha pengane attende. For med kursveksten som no er på bitcoins ville det bli
tvilsam business for romfartsselskapet å måtte betale attende i bitcoins.
- Eg har investert i nokre bitcoins sjølv, og finn det fascinerande korleis ein heilt ny
valuta har blitt skapt, skreiv Branson ifylgje The Guardian. - For folk som har høve til
å investere litt i bitcoins er det vel verdt å sjå nærare på dette.
Branson samanlikna innovasjonar i luftfart med innovasjonane i valuta med ein
framtidsvisjon: - Tida for å bære på kontantar og myntar kan snart vere over.
Pionerane og entusiastane for valutaen trur kurssvingningane er ein barnesjukdom, og at
valutaen etterkvart vil få ein meir stabil verdi. Dømet er utviklinga av epost og
internett på 1990-talet. Knapt nokon hadde fantasi til å sjå føre seg ein utvikling
slik vi har hatt i dag.
Veike punkt - er det ei ny boble?
Kva kan så føre til at bitcoin-prosjektet havarerer? Fleire ting kan sjølvsagt gå på
tverke for dette fenomenet. Det første trugsmålet er statlege reguleringskrav og
sanksjonar. I dag opplever bitcoinsentusiastane ikkje ubetydeleg interesse, og
høyringa i det amerikanske Senatet vart nok sett på som positivt. Men motreaksjonane har
også meldt seg. Den største uroa for statane er at bitcoin skal bli ein gøymestad for
pengane til kriminelle og terroristar. Det kan munne ut i ein global statleg razzia. I Thailand
vart det innført forbod mot i det heile å bruke bitcoins.
Eit anna scenario er at det vil late seg gjere å hacke programvara som
valutaen byggjer på. Interessa for å bruke bitcoins kan også falle, og dermed vil
verdien på bitcoins kunne verte massivt devaluert. Monopolisme kan også
truge handelen med bitcoins, at nokre få aktørar får overveldande kontroll med
pengemengda i systemet. 35 prosent har vore nemnt som eit kritisk nivå. Ein stor dominans
av få eigarar vil også kunne gje høve til å omdefinere systemet for nokre få. Om
ikkje det er så lett å hacke sjølve programmet vil dei digitale lommebøkene
som høyrer til i systemet kunne vere sårbare. Det har allereie vore fleire innbrot av
dette slaget.
Tulipanbobla
Nokre har samanlikna bitcoins med den såkalla tulipan-manien i Nederland
i

|
Illustrasjon:
Wikicommons |
Tulipanhysteri: Apekattar kledd i 1600-talsdrakter handlar tulipanar og
tulipan-laukar med kvarandre. Satirisk maleri inspirert av "tulipanbobla" av Jan
Brueghel den yngre, omlag 1640. Frans Hals Museum, Haarlem, Nederland. Wikipedia.
|
byrjinga av 1600-talet. Spekulasjon i tulipanlaukar tok hysteriske former og
nådde ein topp truleg i mars 1637, før bobla sprakk. På det meste vart
ein einskild tulipanlauk visstnok seld for ti gongar årsinntekta til ein dugande
handverkar. Samanlikninga er likevel ikkje heilt god, rett og slett fordi tulipanlaukane
ikkje fekk nokon praktisk funksjon som byttemiddel, slik vi ser bitcoins
går i retning av å få. Tulipanbobla var også nokså lokal, i motsetnad til bitcoins.
Bitcoins har også ein høgteknologisk plattform som grunnvoll. Mellom dei mest innbitte
vert det sagt at for å avskaffe bitcoins må ein demontere heile det globale internettet.
Alt i alt kan kanskje det største trugsmålet mot bitcoins vere at dei eksisterande
valutasystema tilpassar seg til liknande bruksmåtar som bitcoins, og skrellar
vekk gebyr og flaskehalsar i systema sine. Kanskje dei legg opp til meir anonymisering,
kan hende også automatiserer eller markedstilpassar styringa ytterlegare, for å gje
sentralbankane og politikarane mindre innverdnad på valutakursane. Dersom du ein dag kan
bruke Euro, dollar og yen på omtrent
same måte som bitcoins i dag, forsvinn kanskje heile vitsen med den
digitale valutaen for mange brukarar. Og så kan sjølvsagt nokon finne på eit
alternativt system for ein virtuell valuta, som er endå smartare enn bitcoins.
Fleire virtuelle valutaer har meldt seg på under dei siste månadene med opptur:
Litecoin, Namecoin, Peercoin, Primecoin, Feathercoin, Novacoin, Infinitecoin, Megacoin,
Quarkcoin og ikkje mindre enn 60 andre, skal vi tru The Guardian.
Kva er det mest sannsynlege? Ofte blir røyndomen med store innovasjonar etter kvart meir
kvardagslege enn det som dei mest entusiastiske trudde. Kanskje bitcoins rett og slett vil
utvikle og utfalde seg til eit visst nivå, og så finne ein plass mellom fleire ulike
system og løysingar, som så vil leve side om side, med nokre opp- og nedturar. Og
korkje tre eller tulipanar har til no vakse inn i himmelen.
NYHETER MELDINGER
Teaternett bringer nyheter fra norsk og internasjonalt teater. Teater henger sammen
med samfunnet, og i et videre perspektiv vil vi også være et forum for dagligliv, ferie
og fritid. Ønsker du å bidra, ta kontakt. Vår epostadresse: teaternett@teaternett.no
|
|
|