AKTUELT / Kultur og samfunn
(annonse)

Denne side publisert
20. august 2008

HOVEDSIDE
Om Teaternett
AKTUELT
Nyheter
Meldinger
I mediebildet
Pressemeldinger

Artikler

Kultur og samfunn
Arkiv
SØK



Politisk drap for open scene?

Den russiske avhopparen Alexander Litvinenko og Russlands tidlegare president Vladimir Putin hadde ein ting til felles: Dei var ein gong begge agentar for dei russiske løyndetenestene, KGB (no FSB).

av Stein W. Kippersund

Alex Goldfarb & Marina Litvinenko: Litvinenko. En dissidents død.
Omsett av Leif Magne Lervik.
Schibsted, 2007.
ISBN
978-82-516-2559-3.
384 sider.

 

Men medan Putin avanserte til sjef for tenestene og vart statsoverhovud, tok Litvinenko eit oppgjer med heile systemet. Han flykta frå Russland til Storbritannia og London. 23. november 2006 døydde han, forgifta av det radioaktive stoffet polonium-210. Etterforskinga viste at han vart forgifta 1. november 2006. I testamentet sitt peika Litvinenko på sjølvaste Putin som mordaren.

Ikkje farleg
For eitt og eit halvt år sidan, 1. februar 2007, heldt president Putin ein pressekonferanse i Spegelsalen i Kreml. Mellom emna var den nyleg avdøde Litvinenko og skuldingane hans: - Litvinenko kjende ikkje til nokon løyndommar, sa Putin. Med andre ord: Ingen grunn til å ta livet av ein mann som ikkje var farleg.

Men kven gjorde det då, og kvifor? Var Litvinenko så ufarleg? Boka Litvinenko. En dissidents død kom ut i fjor haust, og freistar å oppsummere hendingane forut for det dramatiske dødsfallet. Forfattarane er Alex Goldfarb og Marina Litvinenko. Goldfarb flykta frå Russland til USA på 70-talet og vart lærar ved Columbia University. Marina Litvinenko (fødd 1962) gifta seg med Litvinenko i 1993.

Omstenda rundt døden til Litvinenko var svært dramatiske, og eit internasjonalt mediepublikum kunne nærmast frå dag til dag fylgje prosessen: Frå forgiftinga vart avslørt, til Litvinenko døydde og vart gravlagd. Strukturen i boka er bygd opp rundt biografien over han, frå han møtte Marina og gifte seg med henne. Møtet med denne kvinna endra livet hans.

Malstraum av hendingar
Men historia om KGB-agenten som blir dissident fører oss også rett inn i malstraumen av hendingar i Russland frå 1993 og fram til 2007. Ingrediensane er attentat og drap i mange ulike varianter, konspirasjonar, korrupsjon, renkespel, maktkamp mellom ulike fraksjonar i og nær Kreml, alt i skuggen av krigen i Tsjetsjenia. Den ligg i bakgrunnen som ein verkebyll, som blir verre og verre. Det er til tider uverkeleg at dette er ei dokumentarisk forteljing og ikke ein roman av John Le Carré. Som om ikkje dette var nok, kjem sjølvaste Scotland Yard på banen i finalen og under oppklaringa.

Dramatikken i hendingane kan ta pusten frå nokon kvar: Kampane om Groznyj, hovudstaden i Tsjetsjenia der russarane gjekk på eit katastrofalt nederlag, ein by som ein gong hadde 400 000 innbyggjarar og som etterkvart vart jamna med jorda, gisseldramaet i Dobrovka-teatret i Moskva og på skulen i Beslan, tragedien med ubåten Kursk, bombe-eksplosjonane i bustadblokker ved Moskva med over hundre døde, drapet på den Putin-kritiske journalisten Anna Politovskaja, parodiske rettssaker, FSB-kidnappingar på open gate. Litvinenko er i tett kontakt med dei sentrale personane og hendingane i denne perioden. Han finn etterkvart systemet pill råttent og gjev opp lojaliteten sin. Dette hevdar forfattarane av boka at han må betale dyrt for.

Ikkje nøytrale
Korkje Alex Goldfarb eller Marina Litvinenko er nøytrale observatørar i dette, og boka må lesast med kjeldekritisk blikk. Kven som myrda mannen vil kanskje aldri bli avslørt. Men det var mange nok som kunne ha motiv og interesse av å få rydda Litvinenko av vegen. Det sofistikerte drapsvåpenet, polonium-210, kan heller ikkje ha blitt nytta av amatørar. Litvinenko stod tett på prosessar der mange toppfigurar framstod med sider og handlingar dei neppe ville vise fram offentleg. Etter at Litvinenko gjekk i eksil vert det sagt at plansjar med bilete av han vart nytta som blink av FSB-agentar på skyteøving.

Boka er teikn i tida: Kva skjer i Russland? Kreml og Putin tok gradvis kontroll over massemedia og knebla kritiske røyster. Folk som stod fram mot korrupsjon og skeive tilhøve er blitt sette i fengsel og utsette for parodiske og fabrikerte rettsprosessar med livet som innsats. Berre 23 dagar før Litvinenko vart forgifta, vart den kritiske journalisten Anna Politovskaja skoten ned og drepen på veg med handleposane sine frå butikken. 

Framtid som demokrati?
Vladimir Putin er i ferd med å løfte Russland til stormakt igjen. Økonomien i dei to velutvikla områda rundt St. Petersburg og Moskva er i ferd med å kome på høgda med Vest-Europa. Militæret får nye ressursar og Putin satsar på Nord-områda, mellom anna med nye oljefelt. Men kva er prisen, og kva slags framtid har demokratiet i det nye Russland?


Boka om Litvinenko er både eit gripande portrett av ein mann som endra haldninga til eit system han var ein del av, men også eit tankevekkjande bidrag til å forstå dei enorme omveltningane og endringane i dagens Russland
.

Stein W. Kippersund


Teaternett bringer nyheter fra norsk og internasjonalt teater. Vi vil også være et forum for debatt om kultur, historie og samfunn i et videre perspektiv. Ønsker du å bidra, ta kontakt. Vår epostadresse:  teaternett@teaternett.no