![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
|
![]() |
![]() |
![]() |
(annonse) |
![]() |
|
![]() |
![]() |
COLOSSEUM lever framleis Då Colosseum i Roma stod ferdig i år 80 etter Kristi fødsel var det mektige stadionet den største underhaldningsmaskina i verda. 70 000 tilskodarar kunne saman med den mektige romerske keisaren både sjå teater, livaktige jaktspel med levande dyr, gladiatorkampar og avrettingar. No, nesten to tusen år seinare, strøymer turistane inn i portane og gjennom teljemaskinene til den kolossale ruinen. For i dag er ruinane etter Det flaviske Amfiteater ein turistmagnet. Flavisk spelar på familienamnet til keisarane som var byggherrar. Og det er enorme dimensjonar over anlegget, som også vert marknadsført som sjølve landemerket for byen Roma, dit alle vegar fører.
Jødisk oppstand Det var keisar Vespasian (levde frå 9 til 79 etter Kristi fødsel) som starta arbeidet med anlegget. Prosjektet stod i ein politisk samanheng: Keisaren skulle feire at sonen, general Titus, til slutt klarte å erobre Jerusalem (70 e. Kr). Dei hardhendte romarane fekk til slutt kontroll med den blodige jødiske oppstanden. Skattane frå Palestina var også med på å finansiere gigantprosjektet. General Titus vart keisar då faren døydde, og fullførte bygginga. Tusenvis av krigsfangar slepte tonn etter tonn med kalkstein og materialar til anlegget. Berre metallet som heldt steinen saman vog over 300 tonn. Opningsspela som opna anlegget varte hundre dager og over 5000 dyr vart drepne. Skal vi tru kjeldene måtte meir enn ein million ville dyr og ein halv million menneske bøte med livet, i dei om lag 450 åra som anlegget vart nytta. Mange av dyra vart henta frå Nord-Afrika, og dette medverka til miljøkatastrofe og ørken. Romarane ville ha rovdyr, og når rovdyrbestanden gjekk ned vart graset for hardt beita og store område tørka ut. Sjøfolk og solsegl Det elliptiske stadionet har mange av dei kjenneteikna som vi i dag tek som sjølvsagt rundt fotball- og idrettsbaner. Det var ikkje tak over Colosseum, men tribunen hadde gigantiske solsegl til vern mot sola. Spesialtrente sjøfolk frå marinebasen Misenum i Napoli-golfen var hyra inn for å sveive ut dei store segla kvar morgen under leikane. I regnver måtte segla sveivast inn. Dei ville elles bli så tunge av vatnet at anlegget ville bryte saman. Eit intrikat system av korridorar, luker og heiser gjorde det mogleg å sleppe inn villdyra rett opp frå arenagolvet. Ved eitt høve var det over hundre løver på scenen samstundes. Scenegolvet var av tre, og dekka til med sand av omsyn til reinhaldet etter dei blodige framsyningane.
Gladiatorane som kjempa i Colosseum vart først rekruttert frå straffedømte og krigsfangar. Fangar kunne velje om dei ville sone straffa eller få ein mogleg veg til fridomen gjennom gladiatoryrket. Gladiatorane vart umåteleg populære, som vår tids fotballstjerner. Og langt frå alle kampane hadde dødeleg utgang. Snart gjekk også folk friviljug inn i yrket. Romarane mora seg også med avrettingar, særleg gjekk det hardt ut over dei kristne som vart kasta for løvene i hopetal. Sjiraff og elefantar Fleire keisarar ville ha del i glansen og gjekk i arenaen sjølve som gladiatorar. Ein av desse var keisar Commodus (161-192 e.Kr), som skal ha gått svært langt. Ifylgje kjeldene skal han ha samla rørslehemma romerske borgarar i Colosseum for så å klubbe dei ihel. Hundre løver måtte bøte med livet for sverdet hans berre på ein dag, til og med tre elefantar og ein sjiraff vart offer for denne spesielle keisaren. Det vart for mykje også for romarane, og han vart snikmyrda. Gladiatorkampane vart forbodne i år 438 e.Kr, og den siste framsyninga med dyrejakt gjekk føre seg i år 532 e.Kr. Då var romarane ikkje lenger herrar i eige hus, det var den gotiske kongen Theodorik som heldt leikane.
I Mellomalderen forfall byggverket. Ei tid vart det nytta som stall for hestar og husdyr. Seinare henta folk stein og metall til husbygging. Marmoren, som dekka veggar, golv og andre flater i tribuneområdet vart nytta i kyrkjer og rikmannsbustader. Då Napoleon tok Roma i 1797 ville han bygge opp att heile stadionet, men det vart med planane og nokre seksjonar, som står den dag i dag. Og Colosseum er blitt eit omgrep som til dømes gav namnet til den store kinoen i Oslo. Sjølv om Romarriket er borte, vil folk framleis ha brød, men også sirkus Av Stein Willumsen Kippersund Fakta - Colosseum: Amphitheatrum Flavium Det flaviske Amfiteater Ligg ved Palatinerhøgda i Roma, hovudstad i Italia. Roma: I dag rundt 2,7 millionar innbyggjarar, i antikken på det meste ein million. I tidleg mellomalder var folketalet nede i 20 000 innbyggjarar. Kapasitet: til mellom 50 og 70 000 tilskodarar. Ellipseforma stadion frå antikk romersk tid, eit av dei fremste uttrykka for romersk arkitektur og ingeniørkunst. Lengde: 188 meter. Breidde: 156 meter. Høgde: Opphaveleg i underkant av 50 meter. Keisar Vespasian: Byrja å byggje i år 70 e.Kr. Keisar Titus: Fullførte og opna anlegget i år 80 e.Kr. 5000 dyr vart drepne under opningsleikane. Keisar Commodus: Levde frå 161 til 192 e.Kr. Var sjølv ihuga gladiator. Filmen Gladiatoren er fritt basert på historia om Commodus. Kjelder: Wikipedia R. A. Staccioli: Rome Past & Present. Vision Roma 2005. Teaternett bringer nyheter fra norsk og internasjonalt teater. Vi vil også være et forum for debatt om kultur, historie og samfunn i et videre perspektiv. Ønsker du å bidra, ta kontakt. Vår epostadresse: teaternett@teaternett.no |