AKTUELT / Pressemeldinger
(annonse)

Denne side publisert
27. februar 2013

HOVEDSIDE
Om Teaternett
AKTUELT
Nyheter
Meldinger
I mediebildet
Pressemeldinger

Artikler

Kultur og samfunn
Ferie og fritid
Arkiv
SØK


Uredigert pressemelding
Fra Det Norske Teatret

Stort og stygt

Skråblikk på småbarnstilveret
Olaug Nilssens nye stykke handlar om to nabopar. Det eine paret har eit barn og lever eit hektisk kvardagsliv. Det andre paret ventar barn og ser på foreldrelivet frå eit teoretisk standpunkt. Dei har heilt klare meiningar om korleis naboane med barn eigentlig burde utføre oppgåva si. Helsepersonell, slekt og venner blandar seg òg inn i korleis dei to nabopara lever og bør leve.

Stykket har herlege spark til alle velmeinte råd, og all litteratur som skal fortelje oss korleis barn skal bli møtte av foreldra sine i alle situasjonar. Skilnadene mellom teori og praksis er grobotn for absurde, komiske og groteske situasjonar. Samstundes ligg det ei uro og ein angst under teksten, for alt som kan gå gale, for at ein ikkje strekkjer til, og for at ein ikkje tar dei rette vala i avgjerande situasjonar.

Olaug Nilssen på Det Norske Teatret
Tidlegare på Det Norske Teatret har Olaug Nilssen og regissør Marit Moum Aune signert Få meg på for faen; ei oppvekstforteljing frå distrikta. I 2011 blei publikum kjende med Liv og Ølgjær i Vi har så korte armar, som i all hovudsak tar for seg bygdestudentens møte med byen. No tar Olaug Nilssen steget over i ein ny livsfase. Familielivet har begynt og med det følgjer både utfordringar, sorger og gleder. I og med at dei to føregåande samarbeidsprosjekta har vore store publikumssuksessar, er det knytt høge forventningar til Stort og stygt, som også er eit bestillingsverk frå Det Norske Teatret i samband med jubileumsåret 2013.

Aktuell tematikk til å kjenne seg att i
Stort og stygt er ein komedie med mykje satirisk og lattervekkjande humor som er lett å kjenne seg att i for alle som har, har hatt eller planlegg å få barn. Det vanskelege spørsmålet rundt tidleg ultralyd eller ikkje, gjer stykket òg til eit dagsaktuelt debattinnlegg i eit samfunn der alt skal diagnostiserast, og der «småbarnshelvetet» blir skildra slik at vi alle kjenner oss igjen.

Teaternett formidler uredigerte pressemeldinger fra norsk og internasjonalt teater. Teaternett mottar ingen betaling eller andre former for motytelser for denne tjenesten. Vi forbeholder oss retten til uten forklaring å publisere, eller la være å publisere innkomne meldinger. Hjelp oss å være oppdatert! Ønsker ditt teater å formidle noe - send oss en pressemelding!
Vår epostadresse:  teaternett@teaternett.no