AKTUELT / Pressemeldinger
(annonse)

Denne side publisert
10. oktober 2013

HOVEDSIDE
Om Teaternett
AKTUELT
Nyheter
Meldinger
I mediebildet
Pressemeldinger

Artikler

Kultur og samfunn
Ferie og fritid
Arkiv
SØK


Uredigert pressemelding
Fra Det Norske Teatret

Faust

Eirik Stubø er tilbake med ein ny klassikar. Denne gongen vil han forske i Faust-tematikken.

Faust er eit viktig stykke, men kvifor? Dette spør regissør Eirik Stubø seg. Etter den formidable suksessen med Sorga kler Elektra i fjor, er han og teamet klar for ei ny utfordring på Scene 2. Denne gongen inviterer han publikum til å bli med på Fausts søken etter det sanne.

Legende
Kort fortald sel Faust sjela si til Djevelen for å skaffe seg alt han attrår: makt, kunnskap, ungdom, erotikk, rikdom. Forteljinga om vitskapsmannen Dr. Faustus er ei gammal tysk forteljing frå 1500-talet, og ho har blitt brukt av ulike forfattarar sidan då. Den som er mest kjend for å ha nytta seg av denne myten i diktinga si er Johann Wolfgang von Goethe. I Goethes versjon står Gretchen-historia og kjærleiken sentralt.

Goethes Faust
I Goethes drama er Faust ein sprenglærd og grenselaust kunnskapssøkjande universitetslærar, som lengtar etter å gjere menneskeslekta si praktiske livsrøynsle til si eiga. For å oppnå dette, inngår han ein pakt med Mefisto. Dersom Faust sluttar å streve etter høgare innsikt og humanitet, skal sjela hans tilfalle Mefisto. Men dersom han held fram med å streve etter guddommeleg innsikt kan han vinne frelse. Mefisto gir også Faust ungdomens gåve attende, så når han møter den vakre og uskuldige Gretchen, forelskar ho seg hovudstups i han. Men prisen for all jordisk visdom er høg, og vondskap og død sprer seg som pest blant dei Faust er glad i.

Hovudverk i verdslitteraturen
Verket vert ikkje berre rekna som høgdepunktet i Goethes omfattande litterære produksjon: Det er også ei søyle i det landskapet som Goethe sjølv gav namnet verdslitteraturen. Han var del av ei tidleg romantisk rørsle kalla «Sturm und Drang». Dei var del av den kanskje første popkulturelle rørsla, gjekk med langt hår og skjortene oppknepte til navlen og kravde kjenslelivet og hjartet sin rett framfor den tørre forstandsdyrkinga til opplysningsgenerasjonen før dei. Goethe og diktaren Schiller var dei mest markante aktørane innan denne påverknadsfulle retninga.

Kjelder: Torgeir Skorgen, Bakteppet, Det Norske Teatrets repertoarmagasin, hausten 2013.

Teaternett formidler uredigerte pressemeldinger fra norsk og internasjonalt teater. Teaternett mottar ingen betaling eller andre former for motytelser for denne tjenesten. Vi forbeholder oss retten til uten forklaring å publisere, eller la være å publisere innkomne meldinger. Hjelp oss å være oppdatert! Ønsker ditt teater å formidle noe - send oss en pressemelding!
Vår epostadresse:  teaternett@teaternett.no