Shaun Mark "Sean" Bean. Fødd 17. april 1959
i Handsworthdistriktet i Sheffield, Sør-Yorkshire, England. Skodespelar i teater, film og
stemmeleggjing.
Sean Bean.
Mars 2009.
Foto: Punch Malloy.
WikiCommons
Bean ynskte først å verte
profesjonell fotballspelar, men ein skade sette ein stoppar for denne draumen. Han kom inn
på the Royal Academy of Dramatic Art i London i 1981, og vart
uteksaminert derifrå i 1983.
Han debuterte som profesjonell skodespelar i rolla som Tybalt i Romeo
og Julie ved the Watermill Theatre i Newbury. Dei første
oppdraga hans veksla mellom scene og film. Mellom 1986 og 1988 var han medlem av the
Royal Shakespeare Company og deltok i produksjonar som Romeo og Julie,
The Fair Maid of the West og Ein midtsommarnattsdraum.
Bean har medverka i eit stort tal filmar, og er best kjent for eit norsk publikum som Boromir
i Peter Jackson sin filmtrilogi Ringdrotten (2001-2003), som Odeyssevs
i Wolfgang Petersen sin film Troja (2004) og som Eddard Stark
i TV-serien Game of Thrones (2011-2014).
Teaternett arbeider med å bygge opp en database over teaterfaglig stoff, begreper og navn
under overskriften teaterleksikon. Send oss også gjerne tips! Vår adresse er: teaternett@teaternett.no