FAGLITTERATUR / Teaterleksikon / B
(annonse)

Denne side endret
30. oktober 2011

HOVEDSIDE
Om Teaternett
FAGLITTERATUR
Teaterleksikon
Bibliotek
SØK



Teaterleksikon

<< Tilbake 

  Fram >>

B

Bolsjojteatret

Del artikkelen |


Teaterhus i Moskva, Russland, for ballett og opera. Russisk:  "Bol'shoy Teatr". Namnet tyder "Det store teatret" eller det "storslåtte teatret". Teatret er eit av dei eldste og mest kjende teaterhusa i verda. 28. oktober 2011 vart teatret opna på nytt etter seks år med renovasjons- og oppussingsarbeid. Arbeidet med fornyinga av teatret har kosta nærare 3,8 milliardar kroner (700 millionar $).

Teatret var grunnlagt i 1776 som eit husteater i private heimar av fyrst Peter Urusov og Michael Maddox, før det fekk eige hus i 1780 og byrja å produsere teater- og operaframsyningar. Den noverande bygningen vart bygd i 1824, etter at den opprinnelege bygningen, Petrovka Teater, vart øydelagt av brann i 1805. Arkitekt var Andrei Mikhailov. På denne tida var alle russiske teater keisarleg eigedom, og Bolsjojteatret hadde namnet Det keisarlege Bolsjojteatret i Moskva.

FramsyningIBolsjojTeatretWikiCommons.jpg (147165 bytes)
1856: Frå ei framsyning i Bolsjojteatret. Illustrasjon WikiCommons

Bosjojteatret i Moskva vart opna 18. januar 1825 med ballettframsyninga Cendrillon av Fernando Sor. Fram til vår tid har teatret opplevd både store endringar og katastrofer, til dømes vart teatret øydelagt av bomber under andre verdskrigen. Frå 2005 har teatret vore stengt for oppussing.

EksteriørFraBolsjojTeatretWikiCommons.jpg (109278 bytes)
2011: Slik ser Bolsjojteatret i Moskva ut i dag. Illustrasjon WikiCommons

Bosjojteatret har heilt frå starten vore knytt til ballett. 4. mars 1877 hadde Tsjaikovskij sin ballett Svanesjøen premiere her.

Relatert link:
Bolshoi Theatre, Wikipedia

<< Tilbake 

  Fram >>

 

A  B  C  D  E  F  G  H  I   J  K  L  M  N  O  P  Q  R  S  T  U  V  W  X  Y  Z  Æ  Ø  Å  



Teaternett arbeider med å bygge opp en database over teaterfaglig stoff, begreper og navn under overskriften teaterleksikon. Send oss også gjerne tips! Vår adresse er: teaternett@teaternett.no