FAGLITTERATUR / Teaterleksikon / C
(annonse)

Denne side publisert
18. januar 2014

HOVEDSIDE
Om Teaternett
FAGLITTERATUR
Teaterleksikon
Bibliotek
SØK



Teaterleksikon

<< Tilbake 

  Fram >>

C

Clarke, Emilia

Del artikkelen |

Emilia Clarke, fødd 1. mai 1987 i London, England. Skodespelar i teater og film. Ho vart uteksaminert frå Drama Centre London i 2009.

Emilia Clarke.
Juli 2013.
Foto: Gage Skidmore.
WikiCommons
EmiliaClarkeWikiCommons-crp.jpg (14107 bytes)

I tida ved Drama Centre School i London spelte Clarke mellom anna Rosencrantz i Hamlet, Anna i Gogol sitt skodespel RevisorenRaymonde i Ei fluge i øyret hennar (A Flea in Her Ear) av Georges Feydeau, Besse i Awake and Sing, Orsina i Emilia Galotti, Isabelle i The Changeling og Eliza Doolittle i Pygmalion av George Bernhard Shaw.

Clarke har spelt Beate i framsynga Sense for the Company of Angels Theatre. I 2013 spelte ho rolla som Holly Golightly i ein sceneversjon av Truman Capote sin roman Breakfast at Tiffany's ved Cort Theatre.

Far til Emilia Clarke var lydteknikar for teater. Interessa hennar for teater vart vekt då jenta var tre år, skal vi tru Wikipedia. Ho såg framsyninga Show Boat der faren arbeidde. Emilia gjekk på skule ved St. Edward's School i Oxford frå 2000 til 2005 og vidare på den uavhengige katolske jenteskulen Rye St Antony School i same by, fram til ho byrja på Drama Centre London.

For norsk publikum er Clarke mest kjend i rolla som Daenerys Targaryen i HBO-serien Game of Thrones (2011-2014).

<< Tilbake 

  Fram >>

 

A  B  C  D  E  F  G  H  I   J  K  L  M  N  O  P  Q  R  S  T  U  V  W  X  Y  Z  Æ  Ø  Å  



Teaternett arbeider med å bygge opp en database over teaterfaglig stoff, begreper og navn under overskriften teaterleksikon. Send oss også gjerne tips! Vår adresse er: teaternett@teaternett.no