Nikolaj Coster-Waldau, eller Nikolaj Coster Waldau. Fødd 27. juli 1970 i Rudkøbing, Danmark. Skodespelar i teater og
film. Han vart uteksaminert frå Statens Teaterskole i København i 1993.
Nikolaj Coster-Waldau.
Mars 2013.
Foto: Suzi Pratt.
WikiCommons
Etter endt utdanning hadde
Coster-Waldau sin offisielle scenedebut i rolla som Laertes i Shakespeare
sitt skodespel Hamlet ved Betty Nansen-teatret i København. Han vart raskt
fanga opp av filmproduksjon, og vart landskjend i Danmark gjennom rolla som Martin
i den danske grøssaren Nattevakten (1994).
Som barn og ungdom var Coster-Waldau ifylgje Wikipedia svært sjenert, men
dramaundervisning og teaterarbeid medverka til at han vant over dette og fekk realisert
den store draumen sin om å bli skodespelar. Coster-Waldau ville ut i verda, særleg vart
han lokka av det enorme filmmiljøet i Hollywood. Far hans arbeidde på
Grønland og mora var bibliotekar. Sjølv seier Coster-Waldau til The
Independent 16. mars 2013 at favorittplagget hans er skibukser. Har han
dei på så veit han at han er på ein god stad. Han elskar å stå på ski!
Og for norsk publikum er Coster-Waldau elles mest kjend i rolla som Jamie
Lannister i HBO-serien Game of Thrones (2011-2014). Han har
også vore med i ei rad filmar, som til dømes Black Hawk Down (2004),
som Dieter Prohl i Wimbledon (2004), i Kingdom
of Heaven (2005), som Biskop Juell i Kautokeino-opprøret
(2008) og som Claes Greve i Hodejegerne (2011).
Teaternett arbeider med å bygge opp en database over teaterfaglig stoff, begreper og navn
under overskriften teaterleksikon. Send oss også gjerne tips! Vår adresse er: teaternett@teaternett.no