FAGLITTERATUR / Teaterleksikon / D

(annonse)

Denne side endret
1. mai 2008

HOVEDSIDE
Om Teaternett
FAGLITTERATUR
Teaterleksikon
Bibliotek
SØK



Teaterleksikon

<< Tilbake 

  Fram >>

D

Drury Lane Theater
Teaterhus i London, det eldste som framleis er i bruk i England. Bygd for teatergruppa til Thomas Killigrew som ”The Royal Theatre” og opna 7. mai 1663 etter løyve frå kong Karl 2. Øydelagt av brann i 1672, og opna att i 1674 på den noverande tomta. Teatret spelte frå starten mellom anna drama av John Dryden og William Congreve. Teatret får ein glansperiode frå 1710 til 1734 under leiing av Colley Cibber, Robert Wilks og Thomas Doggett. I 1747 tok David Garrick over teatret etter ein periode med økonomisk vanstyre og fører det saman med James Lacy mot nye høgder. Etter 30 år vert han etterfylgt av Richard Bringsley Sheridan. Han leia teatret frå 1776 til 1788, med mellom anna John Philip Kemble og Sarah Siddons som nøkkelskodespelarar. Teatret vart fornya og brannsikra i 1794, men brann på ny i 1812. I denne perioden stod Edmund Kean sentralt. Mot slutten av 1800-talet er Augustus Harris, Dan Leno, Henry Irving, Ellen Terry, Johnston Forbes-Robertson og Thomas Beecham sentrale personar. Frå 1920-talet var teatret scene for suksess-musikalar. Under 2. verdskrigen var teatret hovudkvarteret for Entertainments National Service Association (ENSA).

Relatert link:
Wikipedia: Drury Lane Theater

<< Tilbake 

  Fram >>

 

A  B  C  D  E  F  G  H  I   J  K  L  M  N  O  P  Q  R  S  T  U  V  W  X  Y  Z  Æ  Ø  Å  



Teaternett arbeider med å bygge opp en database over teaterfaglig stoff, begreper og navn under overskriften teaterleksikon. Send oss også gjerne tips! Vår adresse er: teaternett@teaternett.no