Michelle Fairley, fødd 17. januar
1964 i Coleraine, Nord-Irland. Nord-irsk skodespelar i teater og film.
Michelle Fairley.
Juli 2013.
Foto: Gage Skidmore.
WikiCommons
I oppveksten gjekk Fairley på
romersk-katolsk skule. Som tenåring vart ho medlem av theUlster
Youth Theatre der kjærleiken hennar til teater vakna. Ho flytta etterkvart til
Belfast og vart med i teatergruppa Fringe Benefits. I 2007 vart ho
nominert til Olivier Award for rolla som Emilia i
Shakespeare's Othello ved det ikkje-kommersielle teatret Donmar
Warehouse i Covent Garden i London. I 2007 tolka ho også rolla
som Lady Macbeth i det kjende Shakespeare-stykket. Fairley har også vore
innom Ibsen: I 2006 tolka ho Gina i Ibsens Vildanden,
også ved Donmar Warehouse. Ho har også medverka i Pinterstykket Ashes to Ashes
(2004) og tolka rolla som Greta Garbo (2010).
Fairley har medverka i fleire titals
filmar og er for eit norsk publikum mest kjend i den sentrale rolla som Lady
Catelyn Stark i Game of Thrones (2011-2014), men har også
medverka i Harry Potter og Dødstalismanane - del 1 som Mrs.
Granger (2010).
Teaternett arbeider med å bygge opp en database over teaterfaglig stoff, begreper og navn
under overskriften teaterleksikon. Send oss også gjerne tips! Vår adresse er: teaternett@teaternett.no