Charlotte Gainsbourg. Fødd 21. juli
1971 i London, England. Engelsk-fransk skodespelar i teater og film, musikkartist.
Gainsbourg vaks opp i Paris. Ho gjekk på skule ved École Active Bilingue
Jeannine Manuel i Paris og utdanna seg vidare ved Collège Alpin
International Beau Soleil i Sveits. Ho har fått fleire prisar og nominasjonar.
Charlotte Gainsbourg.
2010.
Foto: Olivier Pacteau.
WikiCommons
Gainsbourgh debuterte på
teaterscenen i 1994 i framsyninga av den amerikanske dramatikaren, forfattaren og
fimregissøren David Mamet sitt skodespel Oleanna ved Théâtre
de la Gaîté-Montparnasse.
For norsk publikum er Gainsbourg mest kjend i rolla som hovedkarakteren Joe
i den danske filmskaparen Lars von Trier sin film Nymphomaniac
(2013). Om innspelinga av filmen har Gainsbourg mellom anna sagt fylgjande (Wikipedia):
"Sex-scenene var ikkje så vanskelege. For meg var det alle dei masochistiske
scenene. Dei var pinlege, og ja, litt audmjukande". Ho har medverka i eit stort
tal filmar, mellom anna som Claire i Lars von Trier sin
film Melancholia (2011), som She (henne) i Lars
von Trier sin film Antichrist (2009), som Fantine
i miniserien Les Misérables (2000) og i tittelrolla i Jane Eyre
(1996) av Zefirelli.
Gainsbourg har vunne den franske filmbransjen sin pris César for mest
lovande kvinnelege skodespelar i 1985 for rolla som Charlotte Castang i
filmen L'Effrontée, César for beste kvinnelege skodespelar i 1996 for
rolla som Marie i filmen Love, etc. og César for beste
kvinnelege birolle i 1999 som Milla Robin i filmen La Bûche.
Teaternett arbeider med å bygge opp en database over teaterfaglig stoff, begreper og navn
under overskriften teaterleksikon. Send oss også gjerne tips! Vår adresse er: teaternett@teaternett.no