Sebastian Koch. Fødd 31. mai 1962 i
Karlsruhe, Tyskland, vaks opp i Stuttgart. Frå 1982 til 1985 studerte Koch ved Otto
Falckenberg School i München, og var på denne tida med i ungdomsensemblet Theater
der Jugend.
Sebastian Koch.
November 2011.
Foto: Till Brönner.
WikiCommons
Etter å ha delteke i lokale teater
i Ulm og Darmstadt byrja Koch å spele ved teatra i Berlin i 1990. Her var han med i
produksjonar som Schiller sitt skodespel Røvarane,
Goethe sitt stykke Ifigenia av
Tauris, og Dirty Dishes av Nick Whitby.
Koch har vore med i eit kresent utval filmar. Han er kjend for norsk publikum mellom anna
gjennom filmane Stauffenberg (2004) der han hadde tittelrolla, i Speer
und Er (2004), Dei andre sitt liv (The Lives of Others/Das
Leben Der Anderen - 2006), Black Book (2006), Sea Wolf
(2009) og A Good Day to Die Hard (2013).
Relatert
link: Sebastian Koch.
Skodespelaren si eiga heimeside.
Teaternett arbeider med å bygge opp en database over teaterfaglig stoff, begreper og navn
under overskriften teaterleksikon. Send oss også gjerne tips! Vår adresse er: teaternett@teaternett.no