FAGLITTERATUR / Teaterleksikon / M

(annonse)

Denne side endret
6. april 2014

HOVEDSIDE
Om Teaternett
FAGLITTERATUR
Teaterleksikon
Bibliotek
SØK



Teaterleksikon

<< Tilbake 

  Fram >>

M

Mara, Kate Rooney

Del artikkelen |

Kate Rooney Mara. Fødd 27. februar 1983 i Bedford, Westchester County, New York, USA. Amerikansk skodespelar i teater og film. Mara byrja å spele skodespel då ho var ni år gamal, i ein skulemusikal. Ho deltok i ulike ungdomsteaterskular og var med i ulike frigruppeteater og skuleframsyningar.

Kate Rooney Mara
September 2008.
Foto: gdcgraphics
WikiCommons
KateMaraSept08WikiCommons-crp.jpg (25044 bytes)

Kate har skildra seg sjølv som "pinleg sjenert" i oppveksten, og har sagt at ho berre hadde ein ven (Wikipedia). Hennar første auditon var for eit fjernsynsdrama: Homicide: Life on the Street (1993-1999). Ho fekk ikkje noka rolle, men forstod at ho hadde berre eit ynskje: Å få vere skodespelar. Mara kom inn på the Tisch School of the Arts i New York University for å studere musikalteater. Ho vart uteksaminert frå Fox Lane High School eit år før tida.

Mara var med i si første profesjonelle teaterframsyning ved the Williamstown Theatre Festival i Landscape of the Body av John Guare (2003). Ho var også med i The Alice Complex, eit skodespel av Peter Barr Nickowitz ved Dixon Place i New York City (2005) og ved the Blank Theatre i Los Angeles i 2006. I eit radioprogram i 2006 uttalte Mara at å arbeide meir med teater er draumen hennar, fordi det var det ho verkeleg ynskte meir enn noko då ho var barn. "Eg brydde meg ikkje om film eller fjernsyn, eg ville berre til Broadway." (Wikipedia).

IMara har medvirket i fleire film- og fjernsynsproduksjonar og er mest kjend for norsk publikum i rolla som Zoe Barnes i fjernsynsserien House of Cards ved Netflix (2013-2014). Ho har også vore med i filmane Ironclad (2011) i rolla som Isabel, i 127 Hours (2010) som Kristi Moore, i Iron Man 2 (2010) som U.S. Marshal og i Brokeback Mountain (2005) som Alma Jr. (19-åringen).

<< Tilbake 

  Fram >>

 

A  B  C  D  E  F  G  H  I   J  K  L  M  N  O  P  Q  R  S  T  U  V  W  X  Y  Z  Æ  Ø  Å  



Teaternett arbeider med å bygge opp en database over teaterfaglig stoff, begreper og navn under overskriften teaterleksikon. Send oss også gjerne tips! Vår adresse er: teaternett@teaternett.no