| Fødd 16. oktober 1888 i New York, død 27. november 1953 i Boston. Amerikansk dramatikar. O'Neill var son
        av skodespelaren James O'Neill. Eugene levde eit omflakkande liv som skodespelar og
        sjømann, før han fokuserte mot dramatikar-karriera. 
 Han debuterte i 1916 med den første av ein serie einaktarar, Bound East for
        Cardiff (skrive 1914), i Provincetown, Massachussets. Hans mest kjende stykke er
        det sjølvbiografiske Lang dags ferd
        mot natt, skrive i 1941, urframført på Dramaten i Stockholm 1956. O'Neill
        stod heilt sentralt i fornyinga av realismen og vitaliserte det amerikanske teateret på
        1920-talet, som dramatikar og som organisator. Han fekk Pulitzer-prisen
        for drama i 1920, 1922, 1928 og 1957.
 
 
          
            | Eugene O'Neill. Foto: Alice Boughton. WikiCommons
 |  |  i 1936 fekk han også Nobel-prisen
        i litteratur. O'Neills dramatikk vart tidleg godt motteken i Sverige. Teaterhuset Dramaten i Stockholm fekk frå
        1956 retten til å dele ut eit stipend i
        O'Neills namn, til "högt förtjänta artister på Dramaten". Hans
        mest kjende stykke, Lang dags ferd mot natt, hadde også urpremiere ved
        den svenske hovudscenen.
 Privat levde O'Neill eit hardt liv, prega av tøffe erfaringar frå barndommen og i kamp
        med alkoholisme. Han vart også ramma av tuberkulose i ung alder. Dramatikaren var gift
        tre gonger og fekk tre born. Den yngste, dottera Oona, gifte seg 18 år gammal med den 54
        år gamle Charlie Chaplin i 1943. Ho vart forstøytt av far sin etter dette, og dei såg
        kvarandre aldri att.
 Dei fleste stykka til O'Neill vert
        rekna som tragedier, med
        unntak av komedien Ah, Wilderness! (1933). Sentrale verk er Beyond
        the Horizon (1918 - Pulitzerpris-vinnar 1920), Anna Christie
        (1920 - Pulitzerpris-vinnar 1922), The Emperor Jones (1920), The
        Hairy Ape (1922), All God's Chillun Got Wings(1924), Desire
        Under the Elms (1925), Lazarus Laughed (192526), The
        Great God Brown (1926), Strange Interlude (1928 -
        Pulitzerpris-vinnar 1928), Dynamo (1929), Mourning Becomes
        Electra (1931), The Iceman Cometh (1939, urpremiere 1946), Hughie
        (1941, urpremiere 1959),Long Day's Journey Into Night (1941,
        upremiere 1956 - Pulitzerpris-vinnar 1957), A Moon for the Misbegotten
        (1941 - urpremiere 1947), A Touch of the Poet (1942 - urpremiere1958), More
        Stately Mansions, (urpremiere 1967).  Kjelder: Wikipedia
 
 |