Fullt namn Zoe Yadira Saldaña Nazario, født 19. juni 1978 i Passaic, New Jersey, USA. Skodespelar i teater
og film, dansar.
Zoe Saldaña.
Mars 2010.
Foto: Sgt. Michael Connors.
WikiCommons
Saldaña har røter i den Dominikanske
republikken og har også budd der saman med mor si frå ho var ni år. Saldaña
meistrar både amerikansk og spansk språk og er stolt og sjølvmedveten over den latinske
kulturarven sin. Medan ho budde i den dominikanske republikken vakna interessa for dans,
og ho vart etterkvart teken opp på the ECOS Espacio de Danza Academy der
ho studerte ballett, jazz, og moderne latinsk dans.
Etter dette vende familien attende til Queens i New York
der Saldaña hadde budd i barndommen. Her vart ho i 1995 med i the FACES theater
group i Brooklyn, som retta seg mot ungdom og deira utfordringar. Ho vart vidare
med i the New York Youth Theater. Spelet hennar i teatret sin produksjon Joseph
and the Technicolor Dreamcoat gjorde at ho vart fanga opp av eit talentbyrå.
Danse- og teatererfaringa hennar førte vidare til at ho fekk den første filmrolla si,
som ballettdansaren Eva i filmen Center Stage (2000).
Saldaña har medverka i ei rad filmar, som til dømes Pirates of the Caribbean:
The Curse of the Black Pearl (2003) og Terminalen (2004). For
eit norsk publikum er ho mest kjend som Nyota Uhura i Star Trek
(2009 og 2013), Neytiri i Avatar (2009) og Cataleya
Restrepo i Colombiana (2011).
Teaternett arbeider med å bygge opp en database over teaterfaglig stoff, begreper og navn
under overskriften teaterleksikon. Send oss også gjerne tips! Vår adresse er: teaternett@teaternett.no