FAGLITTERATUR / Teaterleksikon / T

(annonse)

Denne side endret
8. juni 2001

HOVEDSIDE
Om Teaternett
FAGLITTERATUR
Teaterleksikon
Bibliotek
SØK



Teaterleksikon

<< Tilbake 

  Fram >>

T

teater
Frå gresk, theatron, avleidd frå verbet theastai, "å sjå". I det antikke Hellas var ordet nemninga på det området der tilskodarar sat og såg på kultisk-religiøse spel. Opprinneleg var theatron ei skråning ned mot ein flatare, etterkvart rund speleplass (orkhestra). Etterkvart vart desse publikumsplassane bygde i tre og seinare i stein.

Idag dekkjer ordet teater samhandlingar mellom menneske der ein eller fleire aktørar spelar ei rolle eller roller for eit publikum. Tradisjonelt vart ordet nytta om samhandlingar som medvite kalla seg teater, særleg då institusjonelle eller offisielle teaterformer. Etter at teatervitskapen vart fornya med samfunnsfaglege perspektiv og omgrep på 1980- og 1990-talet (Jon Nygaard, Universitetet i Oslo) dekkjer teater-omgrepet også ei rekkje   uoffisielle teaterformer.

I dette perspektivet er det heilt avgjerande at tilskodarar og aktørar er tilstades i same rom på same tid, her og no, for at det kan kallast teater. Føresetnaden er at påverknaden mellom tilskodarar og aktørar er gjensidig, eller kan vere gjensidig. Det er  ikkje berre aktøren som skaper rollen, publikum er også medskapar. Kvar framsyning er difor unik og kan ikkje spelast på nytt på same måte.

Teknologiske medier som fjernsyn (og fjernsynsteater), film og internett fell utanfor omgrepet. Perspektivet opnar opp for og inkluderer forteljarformer, leik, sportshendingar, møte, religiøse samankomstar og rituale, konsertar og andre live-arrangement. Mellom anna fordi desse formene ikkje alltid sjølve kallar seg teater er det ikkje vanleg å inkludere dei i omgrepet. Men fenomena har klare fellestrekk med teater, har ofte omlag same samfunnsmessig funksjon, og kan også ha historiske parallellar til teaterformer. Dette gjeld til dømes fotball.

<< Tilbake 

  Fram >>

 

A  B  C  D  E  F  G  H  I   J  K  L  M  N  O  P  Q  R  S  T  U  V  W  X  Y  Z  Æ  Ø  Å  



Teaternett arbeider med å bygge opp en database over teaterfaglig stoff, begreper og navn under overskriften teaterleksikon. Send oss også gjerne tips! Vår adresse er: teaternett@teaternett.no