FORUM / Forestillingskritikker
(annonse)

Denne side publisert
4. april 2001

HOVEDSIDE
Om Teaternett
FORUM
Forestillingskritikker
Bokanmeldelser
Debatt
SØK



Det daude EUROPA

Av Bård Lahn


EuroHÆ?
Baktruppen (gjesteframsyning, Kunstbanken Hamar, 30. mars)

I 1999 vart Dag Solstad sendt på Interrail av performancegruppa Baktruppen. Utstyrt med minidisc og med ordre om å ta opp seg sjølv snakka, reiste han frå Moskva til Dublin. Baktruppen nyttar opptaka saman med musikk, tekst, rørsle, lys og video, og resultatet er ei framsyning med fokus på tid, minne og historie. Noregsturnéen tok til i Kunstbanken på Hamar fredag 30. mars.

Nede under den oppbygde sceneplattinga heng kingelveven tett i det raude lyset. Vi er ikkje medvitne den kloakken av minne som finst her nede. Men likevel er det oppå denne skraphaugen av havarert historie, at handlinga finn stad. Der syner Baktruppen nemleg fram essensen av Solstad si reise gjennom Europas kyrkjegardar.

Midt framfor publikum står ein einsam, monumental kross, forma av mikrofonstativ, elles er scena tom. Dette er historia om korleis det daude framleis lever, og kjempar med dei levande om kontrollen. Og krossen kan like gjerne vera ein hakekross.

Bundne av fortida
I fyrste del av framsyninga er Aust-Europa utgangspunktet. Ein videofilm av Stalin-statuar kryssklippa med pornoscener vert projisert på bakveggen. Den fører tankane til dagens austlege sexindustri, og syner tydeleg korleis Europa i dag heng fast i det daude "historias Europa"; Vi er bundne av fortida, nett som aktørane er bundne på hender og føter i den grovkorna pornofilmen som rullar framfor oss.

Desse tankane vert utdjupa vidare utover i framsyninga: Tida strøymer gjennom oss som maten vi et. Prosessen er like naturleg som fordøyingssystemet, og kan ikkje reverserast:

The sun rises in the east and sets in the west, and my digestion will never be turned upside down. I will always eat with my mouth and shit through my ass.

Heilskapleg
Men kva tid er historia ferdig fordøya? Korleis kan ein koma laus frå den minnekloakken vi byggjer verdsbiletet vårt på? Frå scena vert det sagt at "for å unngå å setja oss fast, må vi heile tida røra oss i alle retningar." Dette er EuroHÆ? i seg sjølv eit godt døme på. Framsyninga skapar eit heilskapleg uttrykk sjølv om ho er satt saman av mange ulike element som heimesnekra animasjonsfilm, tekst og musikk, berre for å nemne eit par.

Internasjonalt er Baktruppen, med utspring frå Bergen, Noregs mest kjende performancegruppe. Sidan starten i 1987 har gruppa synt fram arbeida sine over heile verda. I EuroHÆ? har gruppa gjort eit grundig arbeid med stoffet sitt, men til tider er det vanskeleg å følgje dei. Det er overraskande at dei ikkje har nytta den konkrete Europa-reisa betre som ein ytre raud tråd for å byggja opp om den tematiske linja i framsyninga.

Ikkje "snilt" teater
I tillegg gjer dårleg lydkvalitet det somme tider vanskeleg å få med seg teksta, og då vert det vanskeleg å hengja med i lengda. Men EuroHÆ? har likevel vorte ei framsyning som set i gang tankar hos tilskodaren, om ein berre jobbar litt for å fordøya dei ekstreme verkemidla Baktruppen tek i bruk. Dette er ikkje "snilt teater", og berre det er kanskje verdt billetten?

Av Bård Lahn


FORESTILLINGSKRITIKKER


Ansvarlig redaktør av Teaternett er Stein Kippersund. Adresse: Teaternett, Torstadvegen 46, 2335 Stange. Teaternett har org.nr. 980 247 781. E-post-adresse er teaternett@teaternett.no