|  |  |  |  | 
      
        | Teaterleksikon | << Tilbake   | Fram >> |  F 
      
        | Fo, Dario |  
        | Fødd 24. mars 1926 i Leggiuno-Sangiamo, Italia. Mimeskodespelar, dramatikar
        og teaterleiar. Etter å ha drive med farser og revyar på 1950-talet starta han først
        gruppa Nuova Scena saman med kona Franca Rame og seinare gruppa La Comune. Gruppene dreiv
        politisk teater forankra i den folkelege venstresida
        og  inspirert av Brecht og tradisjonen
        frå Commedia dell'arte. Stykka
        til Fo siktar mot å underhalde og har ofte hatt provoserande og blasfemisk brodd mot det
        etablerte. Fo har difor hamna i fleire rettssaker.  Dario Fo fekk Nobelprisen
        i litteratur i 1997. 
 I Noreg har Dario Fo vorte formidla mellom anna gjennom Frode Rasmussens einmannsframsyning Herre Jemini, gjøgleren kommer!
 
 Verk: Den tilfeldige døden til ein anarkist, Mistero Buffo,
        Vi betalar ikkje! Vi betalar ikkje!
 
 |    
 Teaternett arbeider med å bygge opp en database over teaterfaglig stoff, begreper og navn
    under overskriften teaterleksikon. Send oss også gjerne tips! Vår adresse er: teaternett@teaternett.no
 
 |  |  |