|  |  |  |  | 
      
        | Teaterleksikon | 
        << Tilbake   | Fram
        >> |  F 
      
        | fotball |  
        | idrettsgrein med
        klare teatrale element, vart skapt mot slutten av 1800-talet og hadde aukande, nesten
        eksplosiv oppslutnad og popularitet fram mot år 2000. Ved internasjonale meisterskap har
        fjernsynsdekkinga av idretten idag bortimot global oppslutnad. Oppslutnaden rundt
        fotballen har også knytt sterke kommersielle og også politiske interesser til idretten.
        Når eit landslag vinn eit internasjonalt meisterskap vert dei hylla på linje med dei
        aller største nasjonale heltane. Då Danmark vann Europameisterskapet i fotball i Sverige
        i 1992 fekk flyet med spelarane militær eskorte når det kom inn i dansk luftrom. 
 Etter at teatervitskapen vart fornya med samfunnsfaglege perspektiv og omgrep på 1980- og
        1990-talet (Jon Nygaard, Universitetet i Oslo) dekkjer
        teater-omgrepet også ei rekkje uoffisielle teaterformer.
 
 I dette perspektivet er det avgjerande at tilskodarar og aktørar er tilstades i same rom
        på same tid, her og no, og gjensidig påverkar
        kvarandre direkte under framsyninga. Dette opnar opp for og inkluderer også
        sportshendingar i teateromgrepet. Mellom anna fordi sportsgreinene ikkje brukar
        teater-omgrepet om seg sjølve har det ikkje vore vanleg å ta dei med. Men fenomena har
        klare fellestrekk med teater, og har ofte omlag same samfunnsmessig funksjon som teatret
        har eller historisk har hatt.
 
 Med teaterord kan vi definere fotballen slik: Eit improvisasjonsspel i to
        akter, med definerte roller og symbolske stiliserte kostymer,
        klar konflikt, scenografi, faste ritualer, dramaturgiske element,
        åpen slutt og med publikum som aktiv deltakar (supportarklubben til Sportsklubben Brann
        kallar seg av og til  "den 12. mann", og reknar seg som ein medaktør i
        spelet.).
 
 Den historiske parallellen til fotballen er dei romerske 
        gladiatorkampane, til dømes
        naumachia, eit tema i dei fleste framstillingar av teaterhistoria. Begge formene siktar
        mot å underhalde publikum, avleie frustrasjon, aggresjon og  opprør i befolkninga
        og motivere til gruppeidentitetar. Maktgrupper i samfunnet ynskjer å bli identifisert med
        vinnarane.
 
 Fotballen ligg nærare det tradisjonelle teateromgrepet enn gladiatorkampane. I fotball
        utkjempar deltakarane ei symbolsk konflikt, rett nok med avgrensa bruk av vald, og med
        skader og sår som sentrale element i spelet og underhaldninga.  Gladiatorkampane
        handla om liv eller død for aktørane. Deltakarane i fotball-teatret kan spele fleire
        kampar etter eit nederlag, medan taparane i gladiatorkampane ikkje kunne reise seg igjen.
 
 |    
 Teaternett arbeider med å bygge opp en database over teaterfaglig stoff, begreper og navn
    under overskriften teaterleksikon. Send oss også gjerne tips! Vår adresse er: teaternett@teaternett.no
 
 |  |  |