Mikael Åke Persbrandt. Fødd 25. september
1963 i Jakobsberg utanfor Stockholm, Sverige. Skodespelar i teater, film og fjernsyn,
røysteleggjar, teatereigar og teaterdirektør. Før han vart skodespelar var han innom Grundskolan
för konstnärlig utbildning i Stockholm og hadde også eiga utstilling. Seinare
gjekk han også på Ballettakademien og var dansar. Han
har også freista yrke som drosjesjåfør, oppvaskar og servitør.
Mikael Persbrandt.
9. januar 2012.
Foto: Frankie Fouganthin.
WikiCommons
Skodespelarlivet til Persbrandt
byrja då han vart med som statist på oppsetjinga av Kong Lear
i Ingmar Bergman sin regi, ved Kungliga Dramatiska Teatern (Dramaten)
i 1984. Denne opplevinga var eit vendepunkt som Persbrandt skildrar slik: "Jag
stod längst bak, som soldat, och tittade på när de stora elefanterna Kulle och
Strandberg dansade längst fram. Magin gick upp för mig. Det var 900 personer i publiken.
Jag tänkte: Där sitter ni och här står jag. Ni tittar på mig."
(Wikipedia).
Teaterutdanninga si har Persbrandt frå tida i friteatergruppa Teater Galeasen
i Stockholm, der han var med frå 1991 til 1995 og tok del i fem produksjonar.
Frå 1991 har Persbrandt medverka i ei lang rekkje teaterframsyningar på svenske scenar.
Mellom andre tittelrolla i Puntila av Brecht
ved Dramaten (1996), En handelsresandes död av Arthur Miller (Teater Plaza 1996), Den
goda människan i Sezuan av Brecht (Dramaten 1998), Lång dags färd mot natt av O'Neill (Dramaten 1998), Don Juan
(Dramaten 1999), Maria Stuart av Schiller
(Dramaten 2000), som Gregers Werle i IbsensVildanden (Dramaten 2000), Leka med elden (Dramaten
2002) og Arbetarklassens sista hjältar (Lilla elverket 2004).
I 2005 spelte Persbrandt rolla som Jean i Strindberg sitt kjende skodespel Fröken
Julie (Dramaten). Her spelte han mot skodespelar og tidlegare sambuar Maria
Bonnevie i tittelrolla.
Vidare har Persbrandt spelt Lik
som män (Vasateatern 2005), i Måsen av Tsjekhov (Teater Galeasen 2007) og I
väntan på Godot (Stockholms Stadsteater 2009).
Ved Maximteatern
i Stockholm, der Persbrandt no er deleigar, spelar han Edgar i Strindberg
sitt skodespel Dødsdansen som har premiere 22. oktober 2014. I denne
oppsetjinga spelar han mellom anna mot Lena Endre i rolla som Alice.
Ved sidan av denne omfattande teateraktiviteten har Persbrandt vore med i eit stort tal
film- og fjernsynsproduksjonar. For dette har han fått fleire prisar i Sverige og andre
land. For norsk publikum er han mest kjend i rolla som Gunvald Larsson i
den svenske fjernsynsserien Beck (1997 til 2010) og som Carl
Hamilton (2011-2015) i fleire filmar basert på Jan Guillou sine
romanar. Persbrandt er også kjend som Anton i den danske filmen Hævnen
(2010), som Beorn i Hobbiten (2013-2014) og som Hasse
i Mig äger ingen (2013).
Persbrandt har også gjeve røysta si til ei rekkje filmfigurar.
Teaternett arbeider med å bygge opp en database over teaterfaglig stoff, begreper og navn
under overskriften teaterleksikon. Send oss også gjerne tips! Vår adresse er: teaternett@teaternett.no