|
|
|
 |
 |
| Teaterleksikon
|
<< Tilbake |
Fram >> |
R
| Rush, Geoffrey |
Del artikkelen |
Geoffrey Roy Rush, Fødd 6. juli 1951
i Toowoomba, Queensland, Australia. Skodespelar i teater og film, røysteleggjar,
filmprodusent og teatersjef. Før han byrja skodespelarkarriera gikk han på Everton
Park State High School i Brisbane, og tok kunstutdanning ved University
of Queensland. Rush er ein av få skodespelarar som har vunne den " tredoble
skodespelarkrona": Academy Award, Tony Award
og Emmy Award. Rush har også klart å halde oppe ein meir omfattande
teateraktivitet enn det som er vanleg for høgt profilerte engelskspråklege
filmskodespelarar.
Geoffrey Rush.
17. mai 2011.
Foto: Eva Rinaldi.
WikiCommons |
 |
Medan han studerte ved
Universitetet i Queensland vart Geoffrey Rush oppdaga av Queensland Theatre
Company (QTC) i Brisbane. I 1971 byrja han som skodespelar her
og tok del i 17 sceneproduksjonar.
I 1975 reiste Rush til Paris der han studerte mime, rørsle og teater ved
L'École Internationale de Théâtre Jacques Lecoq, før han
reiste attende til Queensland Theatre Company i 1979. Her delte han husvere med
skodespelaren Mel Gibson i fire månader medan dei spelte saman i ein
sceneproduksjon av Medan vi ventar på Godot.
Rush debuterte for teaterscenen i the Wrong Side of the Moon ved QTC. Ved
dette teatret medverka han i ulike roller, i alt frå klassiske stykke til pantomime, frå
Juno and the Paycock til Hamlet on Ice.
Skodespelaren har medverka i Shakespeare's Eit vintereventyr
med the State Theatre Company of South Australia ved The
Playhouse in Adelaide (1987), Troilus og Cressida ved the
Old Museum Building (1989). Han spelte også John Worthing (Ernest)
i ein produksjon av Oscar Wilde's The Importance of Being Earnest, saman
med kona Jane Menelaus i rolla som Gwendolen (1988). Han
spelte også tittelrolla i Beaumarchais sitt skodespel Figaro sitt bryllup
(1998) for QTC, under opninga av the Optus Playhouse,
ved Queensland Performing Arts Centre ved South Bank i Brisbane.
Rush har også medverka for the Brisbane Arts Theatre og på mange
andre spelestader, og har også vore teatersjef.
I 2007 tolka han rolla som King Berenger i ei oppsetjing av Eugène
Ionesco sitt skodespel Kongen døyr ved the Malthouse
Theatre i Melbourne og Company B i Sydney, i regi av Neil
Armfield.
Sin debut på Broadway i New York fekk Rush nettopp i ei nyoppsetjing av Kongen
døyr under Malthouse Theatre sin turne, kalla "Malthouse Melbourne".
Denne framsyninga hadde også amerikanske skodespelarar, som til dømes Susan
Sarandon. Stykket hadde premiere på Broadway 26. mars 2009 ved Ethel
Barrymore Theatre. For denne rolla vann Rush ei rad prisar: Outer Critics
Circle Award, Theatre World Award, Drama Desk Award,
the Distinguished Performance Award frå the Drama League Award
og 2009 Tony Award for Best Performance by a Leading Actor in a Play.
I 2010 spelte Rush Man in Chair ved The Drowsy Chaperone
på teatret sin Australiaturne. Vidare spelte Rush hovudrolla i ein teaterversjon av Nikolai
Gogol si novelle Dagboka til ein galen mann ved the
Brooklyn Academy of Music. For denne prestasjonen vann Rush Helpmann
Award. I november 2011 spelte Rush rolla som Lady Bracknell i the
Melbourne Theatre Company sin produksjon av The Importance of Being
Earnest, her medverka også kona Jane Menelaus som Miss
Prism og fleire andre frå 1988-produksjonen.
I det heile er Rush reine grossisten i nominasjonar og prisar: Han har vunne ein Academy
Award for acting (av fire nominasjonar), tre British Academy Film Awards
(av fem nominasjonar), to Golden Globe Awards og fire Screen
Actors Guild Awards. Han er frå 18. august 2011 Presidenten i
the Australian Academy of Cinema and Television Arts og vart kåra til Australiaren
for året 2012.
Rush har skotske, engelske, irske og
tyske røter. Han vaks opp hos mora og hennar foreldre etter at mor og far til
Geoffrey skilde lag då guten var fem år. Han er gift med Jane Menelaus
(fødd 1959) som også er ein erfaren og gåverik teaterskodespelar, og paret har to barn.
Dei har fast bustad i Camberwell, Victoria, Australia.
For norsk publikum er Rush mest kjend i rolla som Captain Hector Barbosa
i Pirates of the Caribbean-filmane (2002-2016).
Han har også vore med i ei rad andre filmar, som til dømes Philip Henslowe
i Shakespeare in Love (1998), Inspektør Javert i
Bille August sin versjon av Les Misérables (1998), Sir
Francis Walsingham i Elisabeth (1998), Leo Trotskij
i Frida (2002), Nigel (røyst) i Finding Nemo
(2003), Mossad-offiser Ephraim i München (2005), Lionel
Logue i Kongens tale (2010) og Hans Hubermann i
Boktjuven (2013).
|
Teaternett arbeider med å bygge opp en database over teaterfaglig stoff, begreper og navn
under overskriften teaterleksikon. Send oss også gjerne tips! Vår adresse er: teaternett@teaternett.no
|
|
|