|
|
|
 |
 |
| Teaterleksikon
|
<< Tilbake |
Fram >> |
T
| teaterslag |
Spring ut av ei konflikt
mellom tilskodargruppene, eller mellom tilskodargrupper og aktørar under ei
teaterframsyning. Vi har eit teaterslag når konflikten kjem til uttrykk gjennom
vedvarande og omfattande tilrop, kasting av gjenstandar og slagsmål med fleire deltakarar
på begge sider. Teaterslag finn som regel stad når det er grunnleggande motsetnader i
eit samfunn mellom ulike klasser eller grupper, og når begge gruppene rekrutterer
publikum til dei same teaterhusa og framsyningane. Motsetnadene i seg sjølv treng ikkje
å utløyse teaterslag, men ei underliggjande spenning kan verte utløyst når temaet i ei
framsyning eller spesielle tilhøve har løfta motsetnadene til overflata. Eksempel på
teaterslag: "Bataille dHernani"
under premieren på Victor Hugos framsyning i Paris
25. februar 1830, "Campbellerslaget" etter premieren på Henrik
Wergelands drama i Christiania
1838.
|
Teaternett arbeider med å bygge opp en database over teaterfaglig stoff, begreper og navn
under overskriften teaterleksikon. Send oss også gjerne tips! Vår adresse er: teaternett@teaternett.no
|
|
|